Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Regional- og næringsutvikling > Nyheiter > Nye støtteordningar til unge kokkar og servitørar

Kontaktpersonar

Jan Sverre Sivertsen Jan Sverre Sivertsen
prosjektleiar
Mob. 414 50 642
Send e-post

Nye støtteordningar til unge kokkar og servitørar

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut to nye støtteordningar for elevar og fagarbeidarar som ønskjer å satse på kokk- og servitøryrket.

Fra restaurant- og matfaglinja ved Borgund Vgs. Foto: Rune Hagen. 

-Reiselivet treng fleire faglærte kokkar og servitørar, og det ønskjer vi å gjere noko med, seier Jan Sverre Sivertsen, prosjektleiar for satsinga "Reiseliv, mat og kultur" i Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei neste to åra vil fylkeskommunen, gjennom dette prosjektet, bruke 700 000 kroner på tiltak retta mot elevar og unge fagarbeidarar som ønskjer å satse på ei karriere i restaurant- og matbransjen.

Fagstipend for kokkar- og servitørar

Vi lyser ut stipend-ordning for fagarbeidarar i kokk- eller servitørfag i alderen 19-25 år. Formålet med ordninga er fagleg fordjuping og kompetanseheving. Stipendet er på inntil 40 000 kroner, og kan brukast til å dekke utgifter som kursavgift, studiekostnad, reise- og opphald ved studieturar og liknande. For å søke på dette stipendet, må du bo og arbeide i Møre og Romsdal, og du treng ein anbefaling frå arbeidsgivaren din.

Skoleklassar kan få støtte til bedriftsbesøk

Restaurant- og matfaglinjer (RM-fag) i vidaregåande skolar i Møre og Romsdal kan få støtte på inntil 25 000 kroner til bedriftsbesøk. Formålet med ordninga er å knytte kontakt mellom skole og næringsliv. Døme på tiltak er reisekostnadar, bedriftsarrangement ved skolen, profilering av skolen/klassen eller andre tiltak der formålet er tettare samarbeid med bedrifter.

Meir informasjon og søknadsskjema finn du ved å gå inn på mrfylke.no/tilskot.

Inspirasjonsdag med rød løpar og full pakke for VG1- elevar

Hausten 2019 og hausten 2020 inviterer vi elevar som går Vg1 restaurant- og matfag til ein gratis inspirasjonsdag. Her blir det både faglege og inspirerande foredrag frå bedrifter og kjente bransjefolk. Det blir stands med lærebedrifter, god lokal mat og drikke.

-Målet med denne samlinga er å inspirere flest mogleg Vg1 elevar til å gå vidare til Vg2 og til å satse på ei karriere i restaurant- og matbransjen, seier Sivertsen.