Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Runar Vestheim
91 17 77 24 / Mob. 911 77 724
Send e-post
Bergljot Landstad Bergljot Landstad
Regional- og næringssjef
71 28 02 13 /
Mob. 900 89 213
Send e-post

Meir støtte til Stad skipstunnel

Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal bruker ytterlegare 150 000 kroner på å få realisert Stad skipstunnel. Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommune har gått inn med same beløp.

Inngangsportalen frå Kjøde. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta 

-Vi trur skipstunnelen vil vere positivt for næringsliv og lokalsamfunn langs kysten, og vi ønskjer å gjere det vi kan for å få prosjektet realisert, seier leiar i regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim. 

Forseinka byggestart

Stad skipstunnel er fullfinansiert gjennom Nasjonal Transportplan 2018 – 2029, men byggestarten er forseinka på grunna for høge kostnadar. Samferdselsdepartementet har bedt Kystverket om ein ny gjennomgang for å få kostnadane ned. Rapporten skal vere klar i juni i år.

I mellomtida vil Måløy Vekst AS i lag med næringsliv, næringsorganisasjonar og politikarar arbeide for å få prosjektet inn på Statsbudsjettet for 2020. Dei vi også arbeide med å vise dei positive synergiane av Stad skipstunnel som hurtigbåtsamband mellom Bergen og Ålesund.

Møre og Romsdal fylkeskommune har hittil støtta samferdselsprosjektet med 1,43 mill. kroner.