Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Prosjekt Campus Kristiansund > Ytterlegare 30 studieplassar til Kristiansund

Kontaktpersonar

Roland Mauseth Roland Mauseth
Prosjektleiar
91 72 14 01 /
Mob. 917 21 401
Send e-post
Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. 996 28 055
Send e-post

Ytterlegare 30 studieplassar til Kristiansund

- Det er svært gledeleg at det no kjem studieplassar til ingeniørutdanning i Kristiansund. Dette er eit viktig tilbod, og mange aktørar har arbeidd for å sikre finansiering av det, seier Roland Mauseth, prosjektleiar for Campus Kristiansund. 

Foto: Prosjektleiar for Campus Kristiansund Roland Mauseth

Budsjettavtalen mellom Regjeringa og KrF og Venstre inneber at Høgskulen på Vestlandet får 30 studieplassar til bachelorgrad i Havteknologi. Plassane er øyremerka Høgskolesenteret i Kristiansund, som en del av framdrifta mot å etablere Campus Kristiansund.

120 nye studieplasser så langt
- Dette var viktig å få på plass for den vidare utviklinga av Campusprosjektet. Styringsgruppa for Campus Kristiansund sendte i oktober ein uttale til Mørebenken og bad om hjelp til å sikre nye studieplassar og prosjektmidlar.

Øvst på lista sto dette tilbodet, saman med fleire plassar til Høgskolen i Molde, seier Mauseth. 

Også politikarane har følgt opp: I Regjeringas opprinnelege budsjettforslag kom det 30 studieplassar til Høgskolen i Molde, som også fekk 60 studieplassar i revidert nasjonalbudsjett – alle øyremerket høgare utdanning i Kristiansund. Dermed har Regjeringa i samarbeid med støttepartia fått på plass heile 120 nye studieplassar som peikar fram mot etableringa av Campus Kristiansund.

Fortsatt viktig med fleire prosjektmidlar 
- Vi hadde sjølvsagt også ønska statlege prosjektmiddel for å få enda større fart i arbeidet med å bygge et vekstmiljø for næringslivet, og mobilisere til fleire forskingsprosjekt på Nordmøre. Men no må vi sjå på korleis ulike lokale aktørar kan bidra sterkare, og sjå kva som skjer i revidert nasjonalbudsjett til våren, seier Mauseth. Frå før har prosjektet ei basisfinansiering frå fylkeskommunen på ein million kroner, som fylkesrådmannen har foreslått å auke til to millionar for 2018 og 2019. 

Passer godt saman med øvrige tilbod
Bachelor i Havteknologi er ei vidareutvikling av Undervisningsteknologi, men rettar seg både inn mot marin næring og oljenæringa. Studentane som tar denne utdanninga vil få en kompetanse med mange bruksområder.

- Dette er ei utdanning som vil passe godt saman med fleire av bachelorutdanningane som Høgskolen i Molde tilbyr ved Høgskolesenteret i Kristiansund, og med dei tilboda som Fagskolen i Kristiansund no utviklar. Så framover handlar det om at alle jobbar knallhardt for å rekruttere til desse utdanningane og viser i praksis at vi er på rett veg med Campus Kristiansund, seier Mauseth.