Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Prosjekt Campus Kristiansund > Nye studieplassar støttar opp under Campus Kristiansund

Kontaktpersonar

Roland Mauseth Roland Mauseth
Prosjektleiar
91 72 14 01 /
Mob. 917 21 401
Send e-post

Nye studieplassar støttar opp under Campus Kristiansund

Budsjettforslaget frå Regjeringa medfører 30 nye studieplassar til Høgskolen i Molde, øyremerka Kristiansund. Men framleis er det behov for studieplassar til Havteknologistudiet, og prosjektmidlar til Campus Kristiansund (CKSU), fortel campus-prosjektleiar Roland Mauseth.

- Det er svært gledeleg at Regjeringa har gitt tilsegn til nye studieplassar som bygg oppunder det vi forsøke å skape i Kristiansund, seier Mauseth. Med dei 60 studieplassane som Høgskolen i Molde fekk i revidert nasjonalbudsjett gir det totalt 90 nye studieplassar til høgare utdanning i Kristiansund. Nokre av plassane er allereie brukt til det nye studiet i marin logistikk og økonomi. 90 plassar gir opptil 270 nye studentar til saman på 1., 2. og 3. år av ein bachelorgrad. 

Strategisk viktig ingeniørutdanning
- Det er ei veldig god hjelp på vegen mot eit framtidig Campus Kristiansund, og viser at tanken bak Campusprosjektet er riktig. Samtidig så hadde vi også håpt på 30 studieplasser til Høgskulen på Vestlandet, til studiet Havteknologi. Det er strategisk viktig å ha eit ingeniørstudium som dette i Kristiansund, i tillegg til tilbod frå Høgskolen i Molde. Ingeniørstudiet vil supplere tilboda frå Fagskolen i Kristiansund, påpeiker Mauseth. 

Må løfte arbeidet med forskingsmobilisering
Styringsgruppa for prosjektet har også bedt om prosjektmidlar til CKSU, for å mobilisere til auka forsking og skape eit vekstmiljø for næringslivet. Uttalen frå styringsgruppa kan du finne her. Frå før har Møre og Romsdal fylkeskommune løyvd ein million kroner i året til prosjektet, og delfinansierer også andre aktivitetar, som for eksempel ein forstudie til vekstmiljøet i CKSU. 

- Med prosjektmidlar frå staten ville vi blant anna kunne løfte arbeidet med forskingsmobilisering ytterligare, og sette meir trykk bak vekstmiljøsatsinga. Det blir derfor spanande å sjå kva som skjer fram mot Stortinget sin endelege budsjettvedtak før jul. Men uansett jobbar Campusprosjektet ihuga vidare, sier Mauseth.