Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Prosjekt Campus Kristiansund > Fleire prosjektmidlar til Campus Kristiansund

Kontaktpersonar

Roland Mauseth Roland Mauseth
Prosjektleiar
91 72 14 01 /
Mob. 917 21 401
Send e-post

Fleire prosjektmidlar til Campus Kristiansund

I økonomiplana for 2018-2021 løyver Fylkestinget i Møre og Romsdal to million kroner i året til Prosjekt Campus Kristiansund for 2018 og 2019 – ei auke på ein million. I tillegg støttar Høgskolesenteret fleire konkrete tiltak på til saman 1,4 million kroner.

Foto:Fylkestinget i Møre og Romsdal

Dette er svært viktige pengar for Campusprosjektet, seier prosjektleiar Roland Mauseth. Prosjektet har utvikla seg mykje frå det vart lansert første halvår 2017, og involverer no langt fleire enn prosjektleiaren.

- Oppgåvene i prosjektet spenner over alt frå fagleg utvikling via politisk dialog til arbeidet med tomt og lokalisering, og utgreiing av vekstmiljø for næringslivet. I haust og vinter held vi mellom anna på med å greie ut ein fagleg profil for campuset, og mobilisere næringsliv og forskingsmiljø til prosjekt som vil skape ny kompetanse, fortel Mauseth. Med auka ambisjonar kjem også behov for auka prosjektstøtte.

Utdanning, forsking og innovasjon
- I statsbudsjettet 2018, og i revidert nasjonalbudsjett 2017, kom det til saman 120 studieplassar til dei utdanningsinstitusjonane som har tilbod ved Høgskolesenteret i Kristiansund, øyremerka tilbod her. Det er eit kjempeløft for utdanningstilbodet, men det aukar og forventningane til forsking og innovasjon i det framtidige Campus Kristiansund, påpeker Mauseth.

I Statsbudsjettet vart det ikkje rom for prosjektmidlar. At fylkeskommunen no aukar løyvingane med ein million ekstra dei neste to åra, er derfor svært viktig. I tillegg har Regional- og næringsavdelinga løyvd støtte til ei forstudie for utvikling av vekstmiljøet i Campus, og no i desember fekk Helseinnovasjonssenteret ein million kroner til eit forskingsprosjekt i samarbeid med Campusprosjektet.

Støtte frå Høgskolesenteret
- I tillegg har prosjektet søkt støtte frå dei midlane som Høgskolesenteret får over statsbudsjettet. Her har styret for senteret gjeve tilsegn om til saman 800 000 kroner til eksterne utgreiingar og til auka kapasitet til forskings- og næringslivsmobilisering. Det er pengar som kjem godt med, fortel Mauseth. Høgskolesenteret har og løyvd 600 000 kroner til etablering av eit framtidig studenthus, som vil være eit felles tiltak mellom mange aktørar.
- Vi må tenke studentattraktivitet frå dag 1 dersom vi skal lukkast med Campusprosjektet. Dei som studerer ved Høgskolesenteret dei næraste åra, vil være viktige ambassadørar for tilboda i det framtidige Campus Kristiansund, seier Mauseth.