Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Prosjekt Campus Kristiansund

Prosjekt Campus Kristiansund

Campus Kristiansund (CKSU) skal bli ein felles arena for høgare utdanning, forsking og innovasjon på Nordmøre. CKSU skal stå ferdig i 2022 i sentrum av Kristiansund, med midlertidig etablering frå 2020.

CKSU vil innehalde høgskoletilbod, fagskole, vekstmiljø for næringslivet og forskingsmiljø. Les meir om idéen bak prosjektet her.


Nye studieplassar støttar opp under Campus Kristiansund

Budsjettforslaget frå Regjeringa medfører 30 nye studieplassar til Høgskolen i Molde, øyremerka Kristiansund. Men framleis er det behov for studieplassar til Havteknologistudiet, og prosjektmidlar til Campus Kristiansund (CKSU), fortel campus-prosjektleiar Roland Mauseth.

Les meir

Statlege midlar til Campus Kristiansund

Styringsgruppa for Campus Kristiansund sender i dag ein uttale til Mørebenken der dei ber om at Stortinget følgjer opp den breie tverrpolitiske støtta til campusprosjektet, og sikrar at det vert løyvd midlar i Statsbudsjettet for 2018.

Les meir

Campus Kristiansund – eit lurt og klokt val

- Campus Kristiansund er smart og viktig, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, då han innleia Campuskonferansen onsdag 28. juni 2017. Begeistringa var stor blant dei frammøtte for det ein no tenker å skape i Kristiansund.

Les meir

Presentasjonar frå Campuskonferansen 28 juni 2017

Over 100 deltakarar frå politikk, næringsliv, forsking, utdanning og offentlig sektor var samla til oppstartskonferansen for prosjektet Campus Kristiansund. 

Les meir

Campus-konferansen 2017 – vegen mot Campus Kristiansund

Campus-konferansen 28. juni 2017 markerar at vi er i gong med Prosjekt Campus Kristiansund.  

Les meir

Vil vurdere å styrke studietilbodet i Kristiansund ytterlegare

Regjeringa vil vurdere å styrke Høgskolen i Molde med fleire studieplasser øyremerka Kristiansund, i komande budsjettprosessar. Det var svaret frå statsråden då Else May Botten (AP) stilte spørsmål i Stortinget om høgare utdanning i Kristiansund.

Les meir

Mørebenken møtte Campus Kristiansund

Ein delegasjon frå Møre og Romsdal var onsdag 3. mai invitert til Stortinget for å fortelje Mørebenken om dei spanande moglegheitene i Campus Kristiansund, og korleis politikarar best kan hjelpe til framover. 

Les meir

Kontaktpersonar

Ole Helge Haugen Ole Helge Haugen
Fylkesplansjef
71 28 02 44 /
Mob. 996 28 055
Send e-post
Roland Mauseth Roland Mauseth
Prosjektleiar
91 72 14 01 /
Mob. 917 21 401
Send e-post
Oddny Wiggen
Rådgivar
71 28 02 38 /
Mob. 906 64 446
Send e-post

Abonnere på nyheiter

Ønsker du å abonnere på nyheiter frå prosjekt Campus Kristiansund?

Skriv deg på lista her: