Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Plan og analyse > Nyheiter > Kommunestatistikk for 2019 er publisert

Kontaktpersonar

Ingunn Bekken Sjåholm Ingunn Bekken Sjåholm
Ass.fylkesplansjef
71 28 02 46 /
Mob. 907 46 923
Send e-post
Torbjørn Digernes Jakobsen Torbjørn Digernes Jakobsen
Rådgivar
71 28 02 37 /
Mob. 406 49 388
Send e-post
Trygve Grydeland Trygve Grydeland
Rådgivar
98 61 10 02 /
Mob. 986 11 002
Send e-post

Kommunestatistikk for 2019 er publisert

Årets utgåve av Kommunestatistikk er no tilgjengeleg. Det er utarbeidd ein PowerPoint presentasjon for kvar kommune der du kan sjå korleis utviklinga er på sentrale samfunnsområde. 

logo kommunestatistikk

Dette omfattar mellom anna tema som folketalsutvikling, utdanningsnivå, næringsstruktur og sysselsetting, utdanning, folkehelse og bustadbygging.

Kommunestatistikk er meint som eit supplement til Fylkesstatistikk. Det er niande året på rad at Møre og Romsdal fylkeskommune utarbeidar ein statistikkpakke særleg retta mot kommunane i fylket.

Det er lagt inn ein autogenerert tekst som beskriv kommunen i korte trekk.

Målet med kommunestatistikken er å formidle oppdatert og relevant statistikk som kommunane kan nytte i sitt plan- og budsjettarbeid.  Statistikkpakken kan også vere nyttig for media, politikarar, studentar og andre som ønsker statistikkar og oppdatert informasjon om dei ulike kommunane i fylket. Kommunestatistikk gir også eigne tilsette kunnskap om kommunane vi møter og samarbeider med.

Statistikken er innhenta frå offentlege kjelder, og då særleg frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Kommunestatistikk for 2019 finn du på: http://mrfylke.no/kommunestatistikk