Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Vil gjere ordninga nasjonal

Kontaktpersonar

Sigri J Spjelkavik Sigri J Spjelkavik
Rådgivar folkehelse
71 28 03 04 /
Mob. 953 38 348
Send e-post
Per Vidar Kjølmoen
Spesialrådgivar
71 28 04 48 /
Mob. 917 99 964
Send e-post

Vil gjere ordninga nasjonal

Kulturminister Anniken Huitfeldt er svært imponert over ordninga med opplevelseskortet. Ho vil gjere ordninga nasjonal.

Kulturminister Anniken Huitfeldt er imponert over ordningen med opplevelseskortet. Foto: Per Vidar Klee Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det var mange godord å høre då kulturministeren gjesta dagskonferansen om opplevelseskortet i Ålesund onsdag. Ho takka kommunar, fylkeskommune og ikkje minst initiativtakar Ann Kristin Bekkevoll for ordninga som skal innførast i Møre og Romsdal. No vil Huitfeldt gjere ordninga nasjonal.

- Vi vil derfor bevilge 300.000 kroner over to år, totalt 600.000 kroner, for å gjøre dette til et nasjonalt pilotprosjekt, sa kulturministeren på konferansen.

Fylkeskultursjef Arvid Blindheim er glad for tildelinga.

- Eg ser dette som eit kvalitetsstempel og ein inspirasjon til det vidare arbeidet for å gjere kulturtilbod tilgjengelege for alle born og unge, seier han.

Om ordninga

Ålesund, Kristiansund og Molde har innført opplevelseskort i sine kommunar med svært gode erfaringar. Ei arbeidsgruppe med representantar frå desse kommunane, NAV og Møre og Romsdal fylkeskommune har utvikla forslag til eit felles kort for Møre og Romsdal. 

Kva er opplevelseskortet?

Opplevelseskortet er eit kort som skal gi born i familiar med låg inntekt anledning til å ta del i aktivitetar saman med andre born i lokalsamfunnet. Kortet gir tilgang til ei rekkje aktivitetar saman med ein venn, eit familiemedlem eller andre. Kortet er personleg og er gyldig i eitt år.

Kortet har 6 kategoriar for brukarstader med 5 klipp kvar. Dette er kategoriane:

  •  Kino
  •  Museum/teater/opera
  •  Badeland/svømmehall
  •  Leikeland
  •  Fotballkamp
  •  Nærmiljøtilbod jfr. Informasjonshefte om lokale tilbod

Trykk her for meir informasjon om konferansen.