Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Timbuktu, animasjonsverkstad, Kon Tiki, Geitekillingen som kunne telle til ti og hiphopdans - smakebitar frå Kultursekken 2012/2013

Timbuktu, animasjonsverkstad, Kon Tiki, Geitekillingen som kunne telle til ti og hiphopdans - smakebitar frå Kultursekken 2012/2013

No startar den heilårlege kulturfestivalen på skolane og barnehagar i Møre og Romsdal. Alle skoleelevane i fylket frå 1.trinn til videregåande skole får kvart år møte eit mangfald av kulturuttrykk på skolane, på kino og i kulturhus av mange slag. 15 av 36 kommunar deltek også i Kultursekk for barnehage der Møre og Romsdal er eit føregangsfylket på området.

Absence Crew - Askeladden på nye eventyr. Foto: Andreas Roksvåg

Kultursekken er full av konsertar, kunstutstillingar, kulturarv, teater- og danseframsyningar, kulturverkstader samt litteratur- og filmtilbod. Kommunane, kulturinstitusjonane, frie kunstnarar og fylkeskommunen samarbeider om kultursatsinga som sikrar at alle barn i fylket har tilgang til profesjonelle kulturtilbod uansett bustad.

Heile programmet for skoleåret og omtale av produksjonane finn de på www.kultursekken.no.

Vi vil vere til stades på følgjande arrangement:
Askeladden på nye eventyr - torsdag 30.8 klokka 12.00 i Parken kulturhus, Ålesund
DBY - mandag 17.09 kl 12.30 i Braatthallen, Kristiansund
Dark Side of the Wall - mandag 10.september kl 10.15 i Bjørnsonsalen, Molde

Dersom de ynskjer å besøke Kultursekken på turné, kontakt:

fagsjef Johild Kosberg Bredin, 911 49 119 eller rådgivar Hanne Brakstad, 922 87 766 for avtale.

Fakta: KULTURSEKKEN I MØRE OG ROMSDAL

Kultursekken er eit samleomgrep for satsinga på kulturformidling i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule i Møre og Romsdal. Kultursekken vert realisert gjennom tiltaka Kulturnista og Kulturlauget, samt gjennom kommunane sine lokale Kultursekkprosjekt.
 Kultursekken er Møre og Romsdal fylkeskommune sitt svar på Den kulturelle skolesekken - eit nasjonalt tiltak for å satse på kultur i grunnskolen.

Følg Kultursekken på Facebook og Twitter

Her legg vi jamnleg ut nyheiter og oppdateringar. Mange av utøvarane våre legg også ut meldingar på Facebook

www.facebook.com/kultursekken 

Sirkusleik i barnehagen med Cirkus Cirkör

Sirkusleik i barnehagen med Cirkus Cirkör

Dark side of the wall

Dark side of the wall