Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Tilskott på over 48 millionar til idrettsanlegg i fylket

Tilskott på over 48 millionar til idrettsanlegg i fylket

Tildeling av Spelemidlane for 2012 vert handsama i Kultur- og folkehelseutvalet komande onsdag.

Med i overkant av 48 millionar kroner til utbygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet og nærmiljøanlegg, har Møre og Romsdal blitt tildelt den 5. høgste tilskottsramma blant fylkeskommunane i landet.

Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvart år ut spelemidlar på vegner av Kulturdepartementet til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Ved tildeling av Spelemidlar for 2012 fekk Møre og Romsdal i overkant av 45 millionar til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, og vel 3,5 million til nærmiljøanlegg.  – Grunnen til at vi fekk så god utteljing på midlane er det unike samarbeidet fylkeskommunen har med Møre og Romsdal Idrettskrets, kommunane og Idrettslaga, seier fylkeskultursjef Arvid Blindheim.

Ved søknadsfristens utløp var det kome inn 202 søknadar på Spelemidlar for 2012, der 54 søkte om midlar for nærmiljøanlegg og 148 søkte midlar til ordinære anlegg.  -Etter gjennomgang av søknadane har vi hatt ein brei prosess med både kommunar og Møre og Romsdal idrettskrets, der vi så langt som muleg har teke omsyn til deira prioriteringar, seier Blindheim vidare.  

Fylkeskultursjefen har etter handsaming av søknadane innstilt på at 60 av søkjarane skal få tilskott. Oversikt over kva anlegg som er foreslått tildelt midlar av Kultur- og folkehelseutvalet finn de i vedlagt oversikt.

Saksframlegget med forslag til vedtak,  finn de på: 
http://mrfylke.no/Kalender/Kalender-Politiske-moeter-2012/Moete-i-kultur-og-folkehelseutvalet-6.-juni