Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Stor kulturpendling i Møre og Romsdal

Dokument

Kulturpendling
PDF-dokument - 3,17 MB

Stor kulturpendling i Møre og Romsdal

Svært mange nyttar kultur- og fritidstilboda i Møre og Romsdal, syner den ferske undersøkinga Kultur- og fritidstilbod for alle – om kulturpendlarar, fritidspendlarar og andre kulturbrukarar i Møre og Romsdal. Undersøkinga kartlegg bruken av ulike kultur- og fritidstilbod blant vaksne, og er utført av forskar Finn Ove Båtevik ved Møreforsking AS på oppdrag frå fylkeskommunen våren 2011.

Jazzfestivalen i Molde

Kultur er viktig for vår oppleving av livsglede og er ein berebjelke for lokal og regional utvikling. Eit godt kulturliv gjødslar røtene våre og er viktig ikkje berre for å styrkje heimkjensla, men også for å skape trivsel og utvikling. Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennom ei rekke ulike prosjekt, som Atlanterhavsvegen Bud – Kristiansund og Reiselivsprogrammet, arbeidd for å utvikle dei kultur- og naturbaserte næringane i fylket. Saman med gode kultur- og fritidstilbod, er kulturnæringane viktig for den totale samfunnsutviklinga og kvalitetar ved den enkelte stad.

Molde ein integrert kultur- og fritidsregion
 Undersøkinga syner at dei lokale tilboda er viktigast, men mange nyttar også kultur- og fritidstilbodet utanfor eigen kommune. Eit overslag peikar i retning av at 40 prosent av deltakarane i undersøkinga ”kultur- og fritidspendlar” til andre kommunar for å bruke kulturtilbod eller anlegg tilrettelagde for ulike former for fritidsaktivitet (turstiar, skianlegg, badeanlegg og liknande) ein gong i månaden i snitt. Det er i første rekke byane som fungerer som trekkplaster på befolkninga i andre kommunar, sjølv om enkelte tilbod også dreg publikum den andre vegen. Blant byane skil Molde seg ut, ved å ha ein sterk posisjon blant Romsdalskommunane. Romsdal synes i større grad enn Sunnmøre og Nordmøre å utgjere det vi kan kalle ein integrert kultur- og fritidsregion.

To merkesteinar skil seg ut blant tilboda i Møre og Romsdal; Molde Internasjonale Jazzfestival og Atlanterhavsparken Ålesund Akvarium. Det er mange som har besøkt desse og dei trekkjer publikum frå heile fylket.

Kvinner og høgareutdanna nyttar kulturtilboda mest
 I samsvar med funn frå mange andre undersøkingar, er det høgskule- eller universitetsutdanna i Møre og Romsdal som i større grad enn andre brukar dei kultur- og fritidstilboda som finst. Likeins kvinner større grad enn menn. Dette er interessant i forhold til rekruttering av strategiske grupper til fylket. Både private og offentlege bedrifter i Møre og Romsdal har aukande behov for å rekruttere høgare utdanna arbeidskraft, samtidig som fylket også har klare utfordringar med tanke på t.d. underskot av kvinner i aldersgruppa 15 – 44 år. I ein slik samanheng vil kultur- og fritidstilbodet vere ein sentral faktor for den vidare utviklinga i fylket.

Rapporten finn du her.