Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Spennande kulturtilbod til barnehagane

Spennande kulturtilbod til barnehagane

Fargar, rytmer og dans - men også varsame uttrykk som inviterer til refleksjon og assosiasjon: Slik var årets kulturtorg for barnehagane.

Onsdag kunne kulturtorget for barnehagane presentere eit program med eit svært breitt spenn: Afrikanske rytmer, fargar og dans i "SAH" - scenekunstkonstellasjonen "Ut av det blå" med små opplevingstablå, fortellerstund med rytmer og interaksjon til eit fabuerande lyd-univers med mini-ensemblet "Lift". I tillegg; refleksjonar frå ulike aktørar rundt formidling.

Undring 2013
'Undring 2013' var arbeidstittelen på formidlingsdelen til barnehagane, som Møre og Romsdal fylkeskommune og Rikskonsertane i år samarbeidde om. Arrangørane ser føre seg dette som ein opplevings- og kompetansearena med fokus på kvalitet. Deltakarane ved kulturtorget fekk eit første møte med dette, og fekk oppleve engasjerte og dyktige utøvarar som innan kvar sin sjanger viste kva eit kunstmøte med dei minste kan vere.

SAH - en reise i rytmer, glede og bevegelser

BILDET: Artisten Kouame Sereba oppnådde god kontakt med barna gjennom si forrykande forestilling. 

Ut av det blå

 Bildet: Morosame og svevande opplevingar med scenekunstkonstellasjonen "Ut av det blå"

Lift

Bildet: Multikunstnarane i Lift spela bokstavleg tala på mange strengar i sitt fabulerande lyd-univers.

Målsetting om å nå alle

15 kommunar er med i pilotprosjektet Kultursekk i barnehage her i fylket og konsertane i samarbeid med Rikskonsertane vil i år inngå som ein del av dette prosjektet.

På sikt er målet å kunne tilby Kultursekk til alle barnehagebarn der musikk, visuell kunst, litteratur, film, kulturarv og scenekunst inngår i tilbodet.

Innhaldsrikt kulturtorg opna

Les meir om Kulturtorget 2013

Sjå heile programmet for Kulturtorget 2013