Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Skal undersøke ungdomshelsa

Kontaktpersonar

Sigri J Spjelkavik Sigri J Spjelkavik
Rådgivar folkehelse
71 28 03 04 /
Mob. 953 38 348
Send e-post

Skal undersøke ungdomshelsa

Kva samanheng er det mellom idrett og helse hos ungdom, og speler det nokon rolle kor ein veks opp? Ei ny undersøking av ungdom i Møre og Romsdal skal prøve å finne svar.

Illustrasjonsbilete: scanstockphoto

Dette vil ein gjere ved ein utvida versjon av den såkalla ungdata-undersøkinga. Ei rekke kommunar i fylket er med på opplegget. Ein samarbeidsavtale for prosjektet er inngått mellom KoRus Midt-Norge, Høgskulen i Volda, Sunnmøre fotballkrets og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Prosjektet har fokus på å kartlegge lokal oppvekst, mellom anna folkehelsa i ungdomsbefolkninga i Møre og Romsdal og faktorar som kan påverke denne. Vidare ønskjer ein å sjå på samanhengen mellom idrett og helse og idretten si betyding for utvikling av gode lokalsamfunn. Det blir og viktig å ha fokus på korleis ein skal lukkast med å få til ei god oppfølging i kommunane og fylkeskommunen gjennom kommunalt plan- og utviklingsarbeid knytt til folkehelse og førebyggjande arbeid overfor ungdom. Eit mål må vere god bruk og vidare analyser av dei data som kjem fram gjennom Ungdata-undersøkingane. (Frå samarbeidsavtalen).

Bakgrunn:
Prosjektet kjem i stand på initiativ frå Sunnmøre fotballkrets. Dei ønskjer å være ein aktiv medspelar i utviklinga av gode lokalsamfunn og bidra aktivt i folkehelsearbeidet.

Kommunar i Møre og Romsdal får no tilbod om Ungdata-undersøkingar, gjennomført av KoRus (Kompetansesenter Rus Midt-Norge) der NOVA (Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring) har det faglige ansvaret. Ungdata går ut til alle elevar på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skolen, og er godt egna som grunnlag for kommunalt plan- og utviklingsarbeid knytt til folkehelse og førebyggjande arbeid overfor ungdom. For meir informasjon: www.ungdata.no

-Vi ser på disse undersøkingane som viktige med tanke på å få oversikt over helsetilstanden i ungdomsbefolkninga i fylket, seier Sigri J. Spjelkavik ved Møre og Romsdal fylkeskommune.

I tillegg til dei spørsmåla som ligger inne i Ungdata, vil det bli utvikla ei pakke med tilleggsspørsmål.
Desse omfattar omfattar mellom anna:
- Samanhengen mellom idrettsaktivitet og folkehelse
- Idrettens betyding for utvikling av gode lokalsamfunn
- Andre spørsmål knytt til regionalt folkehelsearbeid (tannhelse, friluftsliv, innvandrarspørsmål med meir)

Høgskulen i Volda står som fagleg ressurs for dette arbeidet.

Prosjektet vil presenterast for fleire kommunane på Sunnmøre i Ørsta den 30. april.
Kontaktpersonar:
Møre og Romsdal fylkeskommune: Sigri J. Spjelkavik – 71258910/95338348
Høgskulen i Volda: Johann Roppen - 70075000
Sunnmøre fotballkrets: Bjørn Oskar Haukeberg - 70114450
KoRus Midt-Norge: Erlend Thorup - 70171315
Sunnmøre fotballkrets: - 93047025