Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Paskalev opnar Kultursekken 2013/2014

Paskalev opnar Kultursekken 2013/2014

Etter at Mikhael Paskalev vann NRKs Urørt i 2012 og kom ut med plata What’s Life Without Losers tidlegare tidlegare i år, har artisten frå Ålesund hausta internasjonal anerkjenning. Midt i eit travelt år med turnear i både USA og Europa har Mikhael og bandet lagt inn 21 konsertar på 12 dagar på vidaregåande skolar Møre og Romsdal.

Paskalev

Den fyrste konserten blei spelt i Volda den 26. august, og i dei kommande dagane står skolar i Ulstein, Ålesund, Kristiansund, Molde. Haram og Stranda for tur. Konsertane er ei tilbod gjennom Kultursekken, som er namnet på Den kulturelle skolesekken for Møre og Romsdal.

Kulturopplevingar på alle vidaregåande skoler

Alle dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal er med i Kultursekken og skolane prioriterer kvart år tre konsertar eller andre kulturopplevingar dei får tilbod om gjennom Kultursekken. I tillegg til Mikhael Paskalev skal andre aktuelle artistar som Steinar Raknes og Mhoo halde konsertar. Eit viktig prinsipp for Den kulturelle skolesekken er at alle elevar skal få høve til å gjere seg kjend med alle typar kulturuttrykk innafor fagområda scenekunst, litteratur, kulturarv, musikk, visuell kunst og film. Elevrepresentantane som er med på å lage prioriteringane for sin skole viser ei imponerande evne til å prioritere variasjon for sin skole. Det er ikkje berre dei store konsertane med dei mest kjende namna som er populære.

Thomas "Håkki" Eriksson

Thomas "Håkki" Eriksson

Døme på andre kulturopplevingar som er ettertrakta på skolane er den svenske konseptkunstnaren Thomas “Håkki” Eriksson sitt foredrag “Jag tyckte boken var bättre än filmen” og Teater NIE si framsyning “Minnenes Museum”. Alle elevane på kvar skole tek del i dei same kulturopplevingane, noko som gjer at elevane deler felles kulturelle referansar og får høve til å finne ut kva for kulturuttrykk dei lik og ikkje lik, heilt uavhengig av kva for utdanningsretning dei har vald.

Aktive elevar

Også elevar i grunnskolen kan sjå fram til et variert program med produksjonar frå nasjonale og regionale kulturinstitusjonar og frie aktørar. Det som kjennemerkar programmet for dei yngre elevane er eit større innslag av produksjonar der elevane er aktive utover rolla som publikum enn for dei vidaregåande skolane. Ei av årets regionale satsingar skjer innafor kulturarv. Gjennom produksjonar frå Musea i Møre og Romsdal kjem elevar i nærkontakt med kopiar av arkeologiske funn frå fylket, som til dømes kopiar av Visetøksa og Blindheimsverdet, dolkar, pilspissar, fiskekrokar, spinnehjul, drakter og smykke. Målet er at elevane skal få ei konkret oppleving av gjenstandar frå og forteljingar om ei fjern og spennande fortid. Musea og kulturskolane i fylket er i det heile viktige samarbeidspartnerar for å styrke Den kulturelle skolesekken som en arena der alle elevar får høve til å få kulturfagleg instruksjon frå profesjonelle aktørar innafor alle kulturuttrykk.

Alle må smake, ingen må like
Gyrid Nordahl Kaldestad og Kristin Bolstad

Gyrid Nordahl Kaldestad og Kristin Bolstad

Medan alle elevar frå 1. klasse i grunnskolen og til 3. klasse i vidaregåande skole er innlemma i Den kulturelle skolesekken, er Kultursekk i barnehage framleis eit prøveprosjekt som gjeld nokre av kommunane i fylket. Mellom årets nye produksjonar for Kultursekk for barnhage finn vi mellom anna liveelektronikk-duoen Gyrid Nordahl Kaldestad og Kristin Bolstad som skal på turné til barnehagar i Åsesund og Nesset for å improvisere fram ein unik konsert i kvar barnehage. Ei viktig oppgåve for Kultursekken er å gi innbyggjarar frå 0-19 år høve til å delta i det kulturelle fellesskapet. Det er ikkje eit mål at alle skal like alt, men at dei unge skal bli kjende med dei uttrykka som finst og sjølv avgjere om dei er mest interessert i arkeologi eller samtidsdans. Kulturopplevingane i barnehage og skole er eit utgangspunkt for å utvikle eigen smak og preferansar. Alle må smake, men ingen må like.