Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Nils Tore Leivdal fekk fylkeskulturprisen

Nils Tore Leivdal fekk fylkeskulturprisen

Nils Tore Leivdal har arbeidd med å styrke kulturlivet i Møre og Romsdal nesten heile livet. Måndag fekk han fylkeskulturprisen under fylkestingssamlinga i Geiranger.

Nils Tore Leivdal (t.h.) frå Gjemnes får fylkeskulturprisen 2011 av fylkesordførar Jon Aasen. Foto: Per Vidar Klee Kjølmoen/Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er kultur- og folkehelseutvalet som har tildelt fylkeskulturprisen 2011 til Nils Tore Leivdal frå Gjemnes.
Grunngjeving for pristildelinga kan sammenfattast i fire hovudområde der han har gjort eit omfattande og langvarig kulturarbeid.

Folkemusikken

Nils Tore Leivdal har vore med i folkemusikklag, skrive i folkemusikkblad og spela sjølv.  I 19 år har han arrangert nordmørshelga i Innerdalen. Han har vore aktiv utøvar som folkemusikar, folkedansar og organisasjonsmann.

Lokalhistorie

Nils Tore Leivdal  har samla mykje lokalt stoff gjennom sitt arbeid med gards og ettesoger og ulike jubileumsskrift. Mellom anna har han skrive gard- og ettesoger for Smøla, Halsa og Gjemnes.

Restaurering av gamle bygg og anlegg
Nils Tore Leivdal har mellom anna teke vare på garden Furuli ved restaurering av gammal bygningsmasse.  Han har restaurert  Flåbergsetra i Batnfjord og halde ope setermuseum om somrane med arr. av kulturdagar.

Målarbeid

Alt han har skrive er skrive på nynorsk. Han starta med å vere styremedlem i Voss off. Gymnas sitt mållag og var formann av Volda elevmållag.  Han har sidan vore akitiv i målrørsla.

Fylkeskulturprisen er ein diplom og kr 50.000,-. Prisen blir delt ut i samband med opning av Fylkestinget i Geiranger 12. desember. Prisen blir delt ut av fylkesordføraren og leiar av kultur- og folkehelseutvalet.

Kontaktpersonar:
Leiar av kultur- og folkehelseutvalet: Kristin Sørheim, tlf 95286060  Fylkeskultursjef: Arvid Blindheim, tlf 91328056.

Nedlastbart bilete