Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Nettverksmøte for Kultursekken

Nettverksmøte for Kultursekken

Alle som arbeider med Kultursekken i kommunar, skular, kulturinstitusjonar er inviterte til møte for gjensidig informasjon og diskusjon om Kultursekken no i mai. Kulturavdelinga arrangerar følgjande møteplassar i mai:
19.5 Ålesund - Radisson BLU
20.5 Molde - Rica Seilet
23.5 Kristiansund - Caroline konferansesenter

Bestemt deg i siste liten for å delta? Ring Johild Bredin.

Ramma for møtet er frå klokka 10.00 - 14.00 og vi vil ordne med enkel lunsj.
Tema for dagen er:

  • Kulturkontakten har ordet - arbeidet med Kultursekken - Sikringskost eller melisdryss? Innspel frå ein kulturkontakt i regionen og diskusjon
  • Kulturlauget - utvikling av den eigenaktive kultureleven. Kva skal fylkeskommunen gjere framover og kva kan kommunane gjere? 
  • Informasjonsarbeid i Kultursekken - Nye nettsider, ny logo, facebook, twitter, media, info på skolane, info i kommunen med meir 
  • Den lokale Kultursekken - kva finnes der? Innspel og døme frå ein av kommunekontaktane i regionen og diskusjon om innhaldet i dei lokale Kultursekkane
  • Samarbeid på tvers - UKM & Kultursekken & kulturskolane

Dersom de har innspel til tema, så ta kontakt!

Vi vonar at så mange som mogleg kan komme på møta - både dei av dykk som er nye og de som har arbeida med Kultursekken i lang tid.