Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Møte i kultur- og folkehelseutvalet 6. juni

Kontaktpersonar

Kristin Marie Sørheim Kristin Marie Sørheim
(Sp) leiar av Samferdselsutvalet
95 28 60 60
Send e-post

Møte i kultur- og folkehelseutvalet 6. juni

Evaluering av museumsreforma for Møre og Romsdal og fordeling av Spelemidlar for 2012 er mellom sakene kultur- og folkehelseutvalet skal handsame onsdag 06. juni.

Møtet vert halde hjå Møre og Romsdal Idrettskrets i Molde, og startar kl. 10.30 med fire orienteringar.  

  • Orientering om Møre og Romsdal idrettskrets og den organiserte idretten i Møre og Romsdal v/organisasjonssjef Rune Sjåholm
  • Orientering om frivilligprosjektet i Møre og Romsdal: Kompetanseutvikling og inkludering v/prosjektleiar Ulrik Opdal
  • Orientering om den nye frisklivssentralen i Molde v/organisasjonssjef Rune Sjåholm
  • Orientering om igangsetting av arbeid med regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi v/Jens Peter Ringstad

På møtet skal følgjande saker handsamast:
KF-34/12 Økonomirapport pr. 30.4.2012, 1. tertial – tannhelsesektoren
KF-35/12 Ny verdsarvpolitikk – høyring
KF-36/12 Evaluering av museumsreforma for Møre og Romsdal. Rapport frå PricewaterhouseCoopers og kommentarar frå regionmusea.
KF-37/12 Deltaking av medlemer frå kultur- og folkehelseutvalet på møterunden om spelemidlar hausten 2012
KF-38/12 Spelemidlar 2012 – fordeling
RS-6/12 Brev frå Friluftsråda i samband med møte i Kultur- og folkehelseutvalet 25.04.2012
RS-7/12 Samla oversikt over handsama tilskotssaker medgrunnlag i delegert mynde i kulturavdelinga hittil i 2012

Saksframlegg med forslag til vedtak finn de her:
http://mrfylke.no/Politikk/Raad-og-utval/Kultur-og-folkehelseutvalet/Saker