Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Møremusikarane og Brazz Brothers på felles jubileumsturné!

Møremusikarane og Brazz Brothers på felles jubileumsturné!

I 2011 fyller Møremusikarane 20 år og The Brazz Brothers 30 år! Det blir feira med konsertar i Ørsta, Molde, Sunndal, Surnadal og Ålesund. Tittel: Exquisito La Fiesta Latino. Billettar er no lagt ut for salg.

Med ei utradisjonell instrumentbesetning og spesialskriven musikk vil dei 15 musikarane gjere eit djupdykk i den latinske musikktradisjonen under vignetten “Exquisito La Fiesta Latino”. Møremusikarane lovar også overraskingar frå deira favorittar i mange andre sjangrar.

Gå ikkje glipp av ein gnistrande Jubileumsfest! Konsertane blir gjennomført saman med lokale aktørar.

Turnéplan: Klikk for billettkjøp
Bilete møremusikarane

Bilete av Møremusikarane

Dette er Møremusikarane:

Møremusikarordninga skal sikre profesjonelle musikktenester til kulturlivet i Møre og Romsdal. Ordninga omfattar Møre og Romsdal fylkeskommune sine fast tilsette musikarar og deira verksemd. I tillegg kan fylket engasjere andre profesjonelle frilansmusikarar til oppdrag for kulturlivet i fylket. Møremusikartenestene er subsidiert, og aktuelle brukarar kan søkje om å få nytte desse tenestene.
 
 Møremusikarane kan brukast til instruksjonsoppdrag, alle type konsertar, akkompagnering, arrangering og komponering, assistansespel i amatørensembler, medverknad i profesjonelle ensembler, kulturelle innslag ved til dømes kurs, konferansar og møter, solistoppdrag, kursverksemd med meir.
 
 Fleire av produksjonane som turnerer gjennom Kultursekken består av Møremusikarar. Kultursekken er Møre og Romsdal fylke sitt svar på Den kulturelle skolesekken - eit nasjonalt tiltak for å satse på kultur i grunnskolen. Lene Mordal har saman med musikarane produsert fleire konsertar. Døme på desse er:

  • “Klokka”, med Jo Inge Nes og Per Kåre Fossum. Dette er ein produksjon for dei minste borna i barnehagen. Den består mellom anna av lydskaping for og med barna, musisering, improvisasjon og undring.
  • “Kattekista” med Asgeir Hoffart og skodespelar Karoline Isaksen. Denne allsong-produksjonen vart laga som døme på eit av Rikskonsertane sine store satsingsområde for 2007 - 2010: HELE NORGE SYNGER. Konserten er for elevane i 1.-7. trinn.
  • “!Tango!” er ein konsert for elevar i ungdomsskulen, med Siri-Marie Bergsmark, Bjørnar Myhr, Erlend Skei og Knut Ivar Bøe. Her vert det presentert eit musikalsk tversnitt av tangohistoria slik den oppsto i Argentina og har utvikla seg heilt fram til i dag. Konserten har også vore framført på kveldstid, for eit åpent publikum.

Dei ni faste Møremusikarane har no tilhaldsstad i kommunane Ålesund, Molde og Sunndal, der dei har om lag 50 prosent undervisning i dei lokale kulturskulane. Dei resterande 50 prosent vert nytta til utøvande verksemd

Møremusikarane er:

Ålesund:
Bjørnar Myhr, piano
Siri-Marie Bergsmark, klarinett

Molde:
Per Kåre Fossum, cello
Asgeir Hoffart, piano
Judit Toth Sylthe, fiolin
 
Sunndal:
Jo Inge Nes, trommer
Øystein Sandbukt, gitar
Audun Skorgen, bass
Peter Wergeni, saxofon
 

Bilete av the Brazz Brothers

Bilete av the Brazz Brothers

Dette er The Brazz Brothers:

The Brazz Brothers frå Langevåg var delvis tilknytta Møremusikarordninga hausten 1991, før ordninga hadde kome skikkeleg i gang. Difor er det naturleg å samarbeide om denne jubileumsturneen.

I 1981 vart The Brazz Brothers danna som ein rein messingkvintett og eit reint familieføretak, etter kvart utvida med trommer. Det er denne unike kombinasjonen av blåsarar og trommer som skapte lydbildet som er skreddarsydd for det brassbrørne har på hjartet.

I dei seinare åra har The Brazz Brothers spelt saman med alt frå afrikanske stammehøvdingar til trompetlegenda Lester Bowie og danske Povl Dissing. Vellukka alt saman, ja visst. I konsertsamanheng får du dei i rein og ublanda tapning der dei garantert trykker ventilane til botn og leverer ein heilstøypt improvisasjons-konsert med musikk som spenner frå New Orleans jazz via afrikanske rytmar til folkemusikk frå Vågå!

The Brazz Brothers er:

Jarle Førde, trompet/flygelhorn
Jan Magne Førde, trompet/flygelhorn
Runar Tafjord, horn
Helge Førde, trombone
Stein Erik Tafjord, tuba
Kenneth Ekornes, trommer

Nedlastbare bilete:

Møremusikarane

Brazz Brothers