Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Midlar til innovasjon i det offentlege

Kontaktpersonar

Anna-Marie Hatlestad
Rådgivar
71 28 02 11 / Mob. 924 42 568
Send e-post

Midlar til innovasjon i det offentlege

Regionalt forskningfond Midt-Norge lyser ut forskingsmidlar til små og store innovasjonprosjekt i offentleg sektor. Samhandling og tidleg innsats er stikkord. Total ramme er på ni millionar kroner.

Illustrasjonsfoto: flickr.com/buck82

Det er kommunar, offenlege einingar i kommunar eller samanslutningar av kommunar som kan søkje på desse midlane. Det blir anbefalt å inngå samarbeid med forskings- og utviklingsmiljø.

Søknadsfrist er 16. oktober 2013.

Forebygging og samhandling er nøkkelen

Omgrepa som er brukt i utlysinga er “tidlig innsats” og “samhandling i offentleg sektor”. Rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Anna-Marie Hatlestad forklarer:

-Tidleg innsats kan til dømes være forebyggande arbeid knytt til folkehelse, barnevern eller skole. 

Og "samhandling i offentleg sektor"?
-Både born og vaksne som nyttar offentlege velferdstenester kan ha samansatte behov som krev koordinering, samarbeid og samhandling mellom ulike nivå. God samhandling er ei utfordring, og kan krevje nye måtar å organisere arbeidet på, seier Hatlestad.

-Regionalt forskningsfond Midt-Norge ønskjer med denne utlysinga å få i gang forskingsbaserte innovasjonsprosjekt der ein tester ut nye løysingar på utfordringar som kommunane har, seier ho.

Hatlestad oppmodar også til samarbeid med forskings- og utviklingsmiljø.
-Det er kommunane som må vere prosjekteigar, men ved å koble på forskings- og utviklingsmiljø, sikrer vi systematikk og forskingsbaserte metoder i prosjekta.

Nokre tips til kva som kjenneteikner eit godt forskingsprosjekt?

-Det er kommunane som veit kvar skoen trykker. Prosjekta kan ta utgangspunkt i problemstillingar innafor ei spesifikk teneste, men det er viktig at ein kan vise til overføringsverdi der dette er relevant. Brukarperspektivet må også vere godt forankra i prosjektet, seier Hatlestad.

Les utlysingsteksten nøye!

Hatlestad ber kommunane om å sette seg godt inn i utlysingsteksten. Der er rammene beskreve i detalj.

-Om noko er uklart, ta kontakt, seier Hatlestad.

Utlysinga har ei samla ramme på 9 millionar kroner.

Heile utlysingsteksten og elektronisk søknadsskjema finn du på RFFMIDT sine nettsider.

Kontakt

Anna-Marie Hatlestad, tlf. 71 25 80 22 / 924 42 568.

Kommunar kan også ta kontakt med kompetansemeklarane for offentleg sektor:

Geirmund Dvergsdal tlf.: 971 97 092
Kari Bachmann, tlf.: 71 21 42 77