Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Mange vil på workshop om kreative næringar

Kontaktpersonar

Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 / Mob. 482 62 671
Send e-post
Angela Hagen Angela Hagen
stabsleiar
71 28 02 17 /
Mob. 975 49 215
Send e-post

Mange vil på workshop om kreative næringar

Påmeldingane strøymer inn når Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge arrangerer workshop om kreative næringar i Møre og Romsdal neste veke. Målet med workshopane er å finne ut korleis vi i fellesskap skal få til eit løft for denne næringa.

Vi legg opp til tre workshops, ein i Ålesund, ein i Molde og ein i Kristiansund. Reiselivsrådgivar Børre Berglund er hyra inn for å leie prosessen.

Stor interesse
Prosjektleiar Carina Stokke i Møre og Romsdal fylkeskommune er svært godt nøgd med
påmeldingane.
-Ja, påmeldingane strøymer inn, det er om lag 150 personar som har meldt si interesse, noko som vitnar om at det er mange rundt omkring i fylket som driv eller har interesse for dei kreative faga. 

Næringsfokus
Med kreative næringar meiner vi annonse og reklame, film, video, foto, kunsthandverk, bøker, aviser, blader, arkitektur, musikk, design, fjernsyn og radio, kulturarv, teater, dans, tekst, arkitektur, animasjon og kommunikasjon.Både fylkeskommunen og Innovasjon Norge ønskjer å få til eit felles løft for denne næringa.

Stokke ønskjer å understreke at vi her ser på næringspotensialet.
-Kva kan vi (det offentlege) gjere for at du som driv innafor dei kreative faga skal ta steget ut og etablere eiga verksemd, eller utvikle verksemda di vidare? Kva er utfordringane for slik type næring? Har du tankar om dette, kom på workshop, seier Stokke.

Har du lyst å vere med på ein eller fleire av workshopane, kan du melde deg på her:
Workshop Ålesund, måndag 8. april kl. 10-13.30
Workshop Molde, torsdag 11. april kl. 18-21
Workshop Kristiansund, fredag 12. April kl. 10-13.30

Workshopane er gratis. Enkel servering

Kontakt:

Carina Stokke, rådgivar, Møre og Romsdal fylkeskommune, Kulturavdelinga.

Angela Hagen, rådgivar, Møre og Romsdal fylkeskommune, Regional- og næringsavdelinga.

Marit Giske-Nilsen, seniorrådgiver, Innovasjon Norge, tlf. 70 11 64 50