Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Lyser ut 300.000,- til kunstnarstipend

Lyser ut 300.000,- til kunstnarstipend

Møre og Romsdal fylkeskommune skal for femte år på rad dele ut stipend til kunstnarar som er busett i fylket. Stipendordninga har ei årleg ramme på kroner 300 000,- og alle kunstartar er inkludert i ordninga. Søknadsfrist er sett til 15.september.

Ordninga gir rom for å dele ut fleire stipend innafor ramma. Stipenda vert tildelt av kulturutvalet etter innstilling frå fylkeskultursjefen.
Stipendordninga har eit overordna mål om å fremje kunstfagleg aktivitet av høg kvalitet hjå kunstnarar som bur og verker i fylket.
Søknader som skildrar nyskapande utviklingsarbeid med relevans i notida sitt kunstfelt vil bli prioritert.
Les meir om ordninga og finn søknadskjema her:
http://mrfylke.no/Tenesteomraade/Kultur/Kunstnarstipend