Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Lyser ut 1.5 millionar til skilting og merking av turløyper

Kontaktpersonar

Petter Jenset Petter Jenset
Rådgivar friluftsliv
71 28 03 05 /
Mob. 922 34 244
Send e-post

Lyser ut 1.5 millionar til skilting og merking av turløyper

Det er tid for ny søknadsrunde på midlar til merking, skilting og gradering av turløyper på Vestlandet. I Møre og Romsdal vil det i 2012 bli delt ut 1,5 millionar kroner til føremålet.

Arbeidet med å få implementert ein felles skiltmal for turløyper på Vestlandet vert vidareført etter at regionen i fjor fekk ei gåvepakke på 10 millionar kroner frå Gjensidigestiftinga. Saman med øyremerka midlar frå fylkeskommunane, skal pengane bli brukt til ei storstilt satsing på merking og gradering av turløyper i dei fire Vestlandsfylka. For Møre og Romsdal sin del vil det seie 1,5 millionar kroner per år i to år.

Det er i hovudsak frivillige organisasjonar, destinasjonar og større geografiske områder som kan søkje om støtte. Det er ikkje set krav til ein gitt modell, men vi legg vekt på at det skal vere eit godt samarbeid mellom det frivillige, reiselivet, kommunen og grunneigarar.

For å søkje midlar må prosjektet bygge på “Nasjonal standard for merking og gradering av turløyper”, og eit lokalt samarbeid må ligge til grunn. Det er vidare sett krav om 50% eigeninnsats i form av dugnad eller med eigne midlar.

I fjor kom det inn 43 søknader, og det vart delt ut 1,5 millionar til ti prosjekt i Møre og Romsdal. Oversikt over prosjekt som fekk tildelt støtte i 2011 finn de her: http://mrfylke.no/Organisasjon/Info/Pressemeldingar/Fordelte-1-5-millionar-til-friluftsliv/%28language%29/nno-NO

Søknadsfrist på årets midlar er sett til 15. februar 2012

Lenkje til søknadsskjema i skrivbar PDF finn de her:

http://www.turistforeningen.no/files/Bergen_Turlag/Vestlandsprosjektet/2012_Soknadsskjema_Merking%20og%20gradering%20paa%20Vestlandet.pdf