Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Livlig start på Kulturtorget 2012

Livlig start på Kulturtorget 2012

Kulturtorget 2012 er i gang, og i løpet av tre hektisk dagar skal 35 framsyningar, laugsprosjekt og kulturproduksjonar bli presentert for deltakarane. 

Den svenske duoen Cirkus Cirkör i akrobatisk samarbeid med born frå Cecilienfryd barnehage under opninga av Kulturtorget 2012.

Kulturtorget 2012 fekk ein livleg start onsdag ved at barn fra Cecilienfryd barnehage i Molde opptredde som sirkusaktørar saman med den svenske duoen Cirkus Cirkör. Her var det rørsler, fargar, akrobatikk og balansekunst for store og små.

Dette er andre året at tilbod til barnehagane er ein integrert del av Kulturtorget. - Førebels er 15 kommunar involvert i denne satsinga, men målsetjinga er sjølvsagt at alle kommunane i fylket blir med, sa fylkeskultursjef Arvid Blindheim då han opna Kulturtorget 2012.

Kulturtorget er den viktigaste møteplassen for Kultursekkmedarbeiderar i barnehage, skule, kommune og kulturinstitusjonar.  Kulturtorget er også visningsarena for dei produksjonane som aktuelle for turné i skuleåret 2012/2013.

Akrobatikk frå born i Cecilienfryd barnehage under opninga av Kulturtorget 2012

Kulturtorget er delt inn i fire sesjonar: 

 

Deltakarane under kulturtorget er tilsette i barnehagane, lærarar i grunnskule og vidaregåande skule, kulturarbeidarar i kommunane og fylket samt fylkespolitikarar. I løpet av Kulturtorget får desse:

  • sjå aktuelle produksjonar for neste skuleår
  • fagleg påfyll i jobben med Kultursekken
  • kompetanseheving m.o.t. kunst- og kultur i skulen
  • møte Kultursekk-kollegaer
  • gode opplevingar å ta med heim

Les meir om Kulturtorget 2012