Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Kvar finn vi fylkets beste universelt utforma tusti/-veg/-løype?

Kontaktpersonar

Petter Jenset Petter Jenset
Rådgivar friluftsliv
71 28 03 05 /
Mob. 922 34 244
Send e-post

Kvar finn vi fylkets beste universelt utforma tusti/-veg/-løype?

I samband med at Møre og Romsdal er utpeikt som “pilotfylke for universell utforming” lyser Møre og Romsdal fylkeskommune ut konkurranse om den best universelt utforma tursti/-veg/- løype i fylket.

Det er sett av ein premiesum på kr. 50.000, med ein førstepris på kr. 30.000,-, og dei to neste på 10.000,- kvar.
 
 Eit friluftsområde som er universelt utforma skal ha kvaliteter som:
 Parkeringsplass, informasjon om område, turvegar med godt vegdekke, vegbredde, ledelinjer og rette stigningsforhold, kvileplassar langs stiar, toalett, bord og sitteplassar.

Det er tredje året Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut denne konkurransen. I 2010 vart Igletjønna i Rindal kåra til den beste universelt utforma turstien, og i 2011 var det Elvastien på Sjøholt som fekk førsteprisen. 

- Erfaringar frå tidlegare år, viser at det er vanskeleg å gjere ein turveg fullt ut universelt utforma. Vi oppmodar derfor om at ein melder på turstiar sjølv om dei ikkje stettar alle krava, seier rådgivar Petter Jenset.  Han fortel at juryen vil bruke desse punkta til å finne fram til den turstien/-vege/-løypa som er best universelt utforma.

- Frist for å sende inn bidrag er 15. oktober. Vi håper på å få inn fleire bidrag til desse prisane då det fins fleire områder i fylket vårt som er aktuelle kandidatar, avsluttar Jenset.

Kontaktperson:
Petter Ervik Jenset, prosjektleiar friluftsliv, tlf. 71 25 89 01/ 922 34 244