Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Kulturtorg 2012 - Program

Kulturtorg 2012 - Program

25.-27.januar 2012 arrangerer Møre og Romsdal fylkeskommune Kulturtorg for alle involverte i Kultursekken.

"I morgenstresset går døra til badet i vranglås og mor, eller Gro som hun jo heter, er dermed innelåst på do…"

Plakatdesign: Tore Gundersen

Kulturtorget er den viktigaste møteplassen for Kultursekkmedarbeiderar i barnehage, skule, kommune og kulturinstitusjonar.  Kulturtorget er også visningsarena for dei produksjonane som aktuelle for turné i skuleåret 2012/2013.

For meir informasjon om Kultursekken, klikk på denne lenka.

Kulturtorget går av stabelen på Rica Seilet/Bjørnsonhuset i Molde.

Som deltakar på Kulturtorget får du:

  • sjå aktuelle produksjonar for neste skuleår
  • fagleg påfyll i jobben med Kultursekken
  • kompetanseheving mtp kunst- og kultur i skulen
  • møte Kultursekk-kollegaer
  • gode opplevingar å ta med heim

Kulturtorget 2012 deler dagane mellom målgruppene:

  • Barnehage:       25.-26.januar
  • Grunnskule:      26.-27.januar
  • Vidaregåande:   26.-27.januar

Her er Kultursekkbrosjyra med program for dei enkelte målgruppene, klikk på bildet for å opne flipbok-versjon:

Prisar:

  • Deltakaravgift for barnehagar, grunnskular, kommunar, institusjonar mm: kr 700,-
  • Deltakaravgift for dei utanfor Møre og Romsdal: kr 1.100,-
  • Hotell enkeltrom pr natt: 1.345,-
  • Hotell dobbeltrom pr natt pr person: 1.145,-
  • Dagpakke pr dag (avreisedagen for hotellgjester, samt deltakarar utan overnatting): kr 420,-
  • Middag pr dag for deltakarar utan overnatting: kr 375,-
  • Kulturavdelinga dekkjer utgiftene for dei vidaregåande skulane