Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Kommunar utan kulturkonsulent taper i kampen om spelemidlar

Kommunar utan kulturkonsulent taper i kampen om spelemidlar

Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune fordelte i overkant av kr. 47 millionar i spelemidlar tirsdag 4. juni. I den samanheng ønskjer fylkeskommunen å seie litt om utviklinga knytt til fordelinga av desse midlane.

Illustrasjonsbilete

Det førebuande arbeidet for å få på plass godkjende søknader er avhengig av eit nært samarbeid mellom lokale lag som ofte er søkjarar, Møre og Romsdal Idrettskrets som gir råd og foreslår prioriteringar, den enkelte kommune der anlegg blir planlagt og fylkeskulturavdelinga som aktiv rådgjevar og forvaltar.

God saksbehandling er nøkkelen

Fylkeskulturavdelinga tek initiativ til tett samhandling for å få fram godkjende søknader. Målet vårt er godkjende søknader i alle kommunar.  Vi ser likevel at kommunar som ikkje ser seg i stand til å prioriterer å tilsette folk i kulturstillingar taper i kampen om spelemidlar. Mangel på saksbehandlar for spelemiddelsøknader  gjer at desse kommunane ikkje får opp nye søknadar, og dei vil henge etter i utviklinga innafor fagområda idrett, fysisk aktivitet og tilrettelegging for frivillig sektor i vid forstand. Dette kom tydleg fram ved årets tildeling av spelemidlar.  Kommunar og organisasjonar som får fram gode søknader sikrar økonomiske tilskot til sin kommune.

Bredt samarbeid

Arbeidet med fordeling av desse populære midlane er tufta på eit breidt samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane og det frivillige. Prioritering av midlar skjer på bakgrunn av planprosessar der aktørane gjennom fleire år har arbeidd fram ein felles plan for korleis midlane skal prioriterast. Desse planprosessane viser seg å gje planane innhald av meir behovsprøvd karakter. Kultur- og folkehelseutvalet i fylkeskommunen har ansvar for den endelege prioriteringa og tildelinga kvart år.

Auka satsing på friluftsliv

Årets søknader viser ein positiv trend mot større satsing på friluftsliv. Tradisjonelle idrettsanlegg som kunsgrasbanar og hallar er framleis viktige, men stadig fleire kommunar set friluftslivsanlegg og aktivitetsløyper høgare. Trenden er i tråd med både nasjonale føringar, den nye idrettsmeldinga og Fylkesplan for Møre og Romsdal. Grunna auka folkehelseutfordringar som hjarte- og karsjukdommar, psykiske lidingar, overvekt og diabetes 2, må det byggast anlegg som motiverer alle lag av befolkninga til fysisk aktivitet.

Look to Rauma

Friluftslivsanlegga er i ei særstilling når det gjeld  talet på brukarar og vert nytta jamnleg av alle aldersgrupper. Frå årets tildeling ønskjer fylkeskommunen å trekke fram tildelinga av spelemidlar til turstiane Åndalsnes-Aksla og  i Venjesdalen. Dette er parsellar av Romsdalseggen, som er eit viktig satsningsområde for Rauma kommune og Turistforeninga. Med løyvinga frå spelemidlane og midlar frå lokalt næringsliv, vert desse aktørane sett i stand til å ruste opp ruta, slik at mange fleire kan nyte naturen og trimmen som denne spektakulære turen gir. Ruta er allereie landskjent, men med dei endringane som no kjem, vil ho få ei unik stilling innafor friluftslivsanlegg i Norden.

Fylkeskommunen ønskjer at fleire kommunar tenkjer stort i utviklinga av friluftsanlegg. Dette krev kompetanse og samarbeid mellom offentlig og frivillig sektor.

Mykje å hente for gode kommunar

I 2013 vart 45,5 % av spelemidlane fordelt til idrettsføremål. Dette medverka til at Møre og Romsdal kunne fordele 47 millionar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. I 2015 vil 64 % av spelemidlane gå til idrettsføremål.  Det vil vere med på å auke summen vi har til fordeling av spelemidlar i Møre og Romsdal. For å kunne ta del i denne potten, som i snitt er over 1 million til kvar kommune, er ein avhengig av at det er nokon som har eit definert ansvar i kommunen for å fremje søknadane,  og rettleie dei frivillige i kommunane.

Arvid Blindheim
Fylkeskultursjef