Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Klart for Kulturtorget 2013

Klart for Kulturtorget 2013

22. - 25.januar samlar Kultursekken 300 deltakarar frå heile fylket til Kulturtorg i Molde.

Klart for Kulturtorget 2013 - Foto: Jan Inge Yri

Publikum vil få møte kunstnarar og formidlarar frå heile landet. I år er det spennande å kunne presentere mellom anna fylket sine eigne musikarar Mikael Paskalev og Steinar Raknes, prisvinnande filmskapar Are Pilskog, nye produksjonar frå musea i Møre og Romsdal og Teatret Vårt, samt innslag frå kulturskolane i Eide, Vestnes, Ålesund og Sunndal.

22. - 23. januar er det kulturtilbod for barnehagane som er i fokus, medan 24. - 25.1 er programmet tilpassa grunnskolane og dei vidaregåande skolane.
Pilotprosjektet Kultursekk i barnehage vil frå hausten bli utvida med eit breitt konserttilbod i samarbeid med Rikskonsertane.

Kulturtorgprogrammet inneheld danseframsyningar, filmvisning, konsertar, teaterframsyningar, formidling av kulturarv, visuell kunst og litteratur.
Deltakarane representerer skolane, kommunane og kulturinstitusjonane i fylket samt alle Kultursekken sine samarbeidspartar.

Sjå heile programmet

Shama- Shama

 Regn

Ut av det blå
foto: Nils Kr. T. Eikeland
     

Lift - foto: Per
Morten Abrahamsen

Håkkifoto

Shhht - Nina Red

Toneklang

JazzFigur

Minnenes melodi

Fra Vindstille II
Ilvy Njiokiktjien

For meir info:

Johild Kosberg Bredin, Koordinator Kultursekken i Møre og Romsdal, 911 49 199

Anette Storli Andersen, Programansvarlig Kultursekken i Møre og Romsdal, 988 27 899