Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Kartlegging av kulturnæringa i Møre og Romsdal

Kontaktpersonar

Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 / Mob. 482 62 671
Send e-post
Angela Hagen Angela Hagen
stabsleiar
71 28 02 17 /
Mob. 975 49 215
Send e-post

Dokument

Menonrapport
PDF-dokument - 286,37 kB
Menonrapport_tillegg
PDF-dokument - 1,43 MB

Kartlegging av kulturnæringa i Møre og Romsdal

Menon Business Economics har på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune v/ kulturavdelinga, utarbeidd ein rapport om kulturnæringane i fylket. Her kan du lese eit samandrag.

Kulturnæring - Vekst og mangfald

Tekst: Anne-Merete Halpern / Plan og analyse.

Kulturnæringane i fylket er i god vekst – på seks år har talet på sysselsette auka med 28 prosent, og verdiskapinga har vakse med 50 prosent. Næringa skaper produkt, tenester og arbeidsplassar som ofte er attraktive for unge og bidrar positivt til eit større mangfald og ein meir attraktiv region.

I omgrepet kulturnæring inngår eit spekter av bransjar; musikk, film, foto og spill, tv og radio, arkitektur, design, trykte media, annonse og reklame, kulturarv og kunstnarisk verksemd.  Her inngår også småskala matproduksjon og opplevingar.

Middels stor

Kulturnæringa i fylket er middels stor i nasjonal samanheng og sysselsette i 2010 nesten 2500 personar, fordelt på nærare 1000 bedrifter. På seks år har talet på sysselsette vakse med 28 prosent, men med ein liten nedgang frå 2009 til 2010.  Omtrent ein tredel av dei sysselsette har arbeid innanfor trykte media, som også er den klårt største undergruppa målt i verdiskaping.  Den sterkaste veksten i sysselsettinga dei siste åra har derimot vore innanfor kulturarv og musikk.

Verdiskapingatotalti kulturnæringa i Møre og Romsdal var på 1,2 milliardar kroner i 2010 noko som betyr at fylket sto for litt over tre prosent av den totale verdiskapinga i næringa nasjonalt. Sidan 2004 har verdiskapinga i kulturnæringa i fylket auka med 50 prosent.

Lønnsemdatil næringa målt i driftsmargin er varierande, men til dels god og ligg likt eller litt over næringa nasjonalt. Låg lønnsemd er blitt peikt på som ein av hovudutfordringane for kulturnæringa, men her er det viktig å påpeike ein forskjell mellom kulturnæringane og anna næringsliv. Kulturnæringane spenner over eit vidt felt, frå heilkommersielle bedrifter (til dømes Devold), til bedrifter med ein meir blanda økonomi som blir drive med offentlege tilskot (til dømes avisa som får pressestøtte) og til aktørar basert på non-profitt verksemd som først og fremst har ei samfunnsrolle å oppfylle (til dømes musea).

Film og animasjon

 For å utvikle næringa vidare må ein prioritere spesielt dei områda der fylket har opparbeida eit fortrinn og eit potensiale for framtidig vekst.  Film og animasjon er ein bransje som peikar seg ut med eit kunnskapsmiljø rundt Høgskulen i Volda. Innanfor film er det etablert eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Vestnorsk Filmsenter, Western Norway Film Commission og Filmfondet Fuzz AS. Samarbeidet har stimulert til kunstfagleg vekst, selskapsetableringar, næringsutvikling og marknadsføring av fylket ovanfor millionar av film- og tv-sjåarar verda over.

Animasjonsmiljøet i fylket har etablert tett kontakt med maritim næring, og med fokus på industridesign har ein utvikla begge næringar. Til dømes så har Ulstein Group og bedrifta Firegrader saman utvikla animert formidling av komplekse prosjekt innan skipsbygging. Eit slikt samspel med andre næringar er ein styrke for næringa og skapar nye kommersialiserings- og utviklingspotensial.

Næringshagar.

Kulturnæringa i fylket er prega av ein overvekt av mange små bedrifter med avgrensa ressursar til å drive innovasjon og være ein motor for utviklinga. Samlokalisering av kulturnæringsaktørar er eit viktig verkemiddel for å stimulere til fleire etableringar og nyskaping og til å motverke noko av ulempene med små einingar og miljø. Sunnmøre kulturnæringshage (SKNH) vart opna i april i år i Volda og kulturnæringshagen skal bidra til at fleire etablerer seg innan kulturnæringane på Sunnmøre, særleg innan film og media. SKNH vil òg hjelpe slike nyetableringar med å vekse og posisjonere seg for nye marknader, særleg i utlandet. Det er òg eit viktig mål å leggje til rette for kompetansemiljø som styrkar verksemdene som alt finst. Saman med Vestnorsk Filmsenter, som har avdelingskontor i næringshagen, arbeider SKNH for  auka filmproduksjon i fylket. Ei anna slik satsing i fylket er Drivhuset kultur-og næringshage på Averøy.

Til høgre finn du heile rapporten.