Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Innhaldsrikt kulturtorg opna

Innhaldsrikt kulturtorg opna

Kulturtorg 2013 blei opna tysdag, med eit mangfald av presentasjonar og framsyningar. Kulturarbeidarar og skulefolk m.m. frå dei fleste kommunane i fylket deltek.

Fram til fredag skal ei rekkje artistar og formidlarar presentere framsyningar skreddersydde frå barnehage og opp til videregående. 

- Vi har over 300 påmelde. Deltakarane kjem frå skular og kommunar i Møre og Romsdal. I tillegg er alle kunst/kulturinstitusjonane i fylket meldt på, fortel Hanne Brakstad i formidlingsseksjonen i Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ho opplyser at det også er påmeldt deltakarar frå andre fylke til barnehagetorget.

-  -  -  -  -  -  -  -  -  -  -  -

HVIT
DSC_0081
DSC_0086
   

Frå Teatret Vårt si framsyning HVIT

Dei to venene Bomull og Rynke bur i ei skinande kvit verd, omgitt av kvite fuglekasser. Dei har på seg kvite klede, dei et kvit mat og dei passar med stor omsorg på dei kvite egga som ramlar ned frå himmelen. Dei passar også på at verda fortset å vere kvit, rein og ryddig. Men så ein dag ramler det eit raudt egg ned frå himmelen og alt vert snud på hovudet!

-  -  -  -  -  -  -  -  -  -  -  -

Leikande-lett-med-Shhht---Gyrid-Kaldestad-og-Kristin-Bolstad

Frå Leikande lett med Shhht - Gyrid Kaldestad og Kristin Bolstad:
Ein fri impro-elektronikkduo, som arbeider med lyd, klang og stemning. Dei brukar mange og kanskje litt uvanlege instrument.
Dei lagar rytmer og melodiar gjennom improvisasjonar.

-  -  -  -  -  -  -  -  -  -  -  -

DSC_0079

Frå opninga av Kulturtorget 2013: Seksjonsleiar formidling og koordinator for Kultursekken, Johild Kosberg Bredin, ønskjer velkomen.

Les meir om Kulturtorget 2013

Sjå heile programmet for Kulturtorget 2013