Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Sigri J Spjelkavik Sigri J Spjelkavik
Rådgivar folkehelse
71 28 03 04 /
Mob. 953 38 348
Send e-post

Huitfeldt til Ålesund

Opplevelseskortet, som mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune står bak, har fått nasjonal merksemd. Onsdag kjem kulturminister Anniken Huitfeldt for å lære meir om ordninga.

Kulturminister Anniken Huitfeldt kjem til Ålesund førstkommande onsdag. Foto: Wenche Nybo/KUD

Ålesund, Kristiansund og Molde har innført eit såkalla opplevelseskort i sine kommunar. Erfaringane er svært gode. Ei arbeidsgruppe med representantar frå forsøkskommunane, NAV og Møre og Romsdal fylkeskommune har utvikla forslag til eit felles kort for Møre og Romsdal.
Førstkommande onsdag blir ordninga presentert på ein dagskonferanse i på Rica Parken Hotel i Ålesund.

Kva er opplevelseskortet?

Opplevelseskortet er eit kort som skal gi born i familiar med låg inntekt anledning til å ta del i aktivitetar saman med andre born i lokalsamfunnet. Kortet gir tilgang til ei rekkje aktivitetar saman med ein venn, eit familiemedlem eller andre. Kortet er personleg og er gyldig i eitt år.

Meir informassjon om kortet og dagskonferansen finn du her.