Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Herøyløftet tildelt likestillingsprisen 2011

Kontaktpersonar

Åse Ellen Bergdal Slatlem
Rådgivar likestilling, eldre og funksjonshemma
71 25 88 42
Send e-post

Herøyløftet tildelt likestillingsprisen 2011

Likestillingsutvalet i Møre og Romsdal vedtok fredag 23.september at Likestillingsprisen 2011 blir tildelt Herøyløftet. Prisen vert delt ut på fylkestinget i Geiranger 10. oktober.

Herøyløftet vart starta som prosjekt i 2007 med mål om at Herøy skal vere attraktiv for menn og kvinner- også høgt utdanna unge kvinner.

I grunngjevinga heiter det mellom anna:

Herøyløftet har valt å ta utgangspunkt i ei av hovudutfordringane i fylket; fråflytting, mangelfull likestilling og den demografiske utviklinga med låg fødselsrate. På sikt vil dette kunne bli eit trugsmål mot det sterke næringslivet i Møre og Romsdal.

I Herøy har ein satsa offensivt gjennom Herøyløftet, og av tiltaka ein har sett i gang er: Tilflyttardagane, romjulsdagane, kurs i styrekompetanse, kvinnenettverkssamling, Herøykonferanse, omdøme- og identitetsbygging gjennom samarbeid med bibliotek og kunstnarar.

Herøyløftet har gjennom dei ulike prosjekta løfta fram dei historiske kystkvinnene og deira rolle som samfunnsbyggjarar, likeeins dokumentert notida sin kjønnsdelte arbeidsmarknad. Dette har gjort arbeidsgjevarar meir medvitne om kor viktig det er å rekruttere kvinner til kompetansearbeidsplassar for m.a. å nå måla om kjønnsbalanse og folketalsvekst.

Herøyløftet har også arbeidd for å få etablert eit Regionalt senter for inkludering og mangfald i Herøy, eit kompetansesenter som skal gje praktiske råd mot diskriminering og for auka likestilling, inkludering, integrering og mangfald.  Herøyløftet femner breitt og har eit heilskapleg perspektiv.  Dei har tydeleggjort målet og dei har oppnådd mykje på vegen dit;
”Ei mangfaldig og inkluderande kommune. Betre likestilling i offentleg og privat sektor.”

Møre og Romsdal fylkeskommune oppretta Likestillingsprisen i 2005. Prisen vert kvart år delt ut til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar, kommunar eller andre som har gjort ein særleg god innsats for likestillingsarbeidet i fylket. Formålet med prisen er at den skal vere eit bidrag til å motivere og inspirere til innsats for likestilling.    

Det er fylkesordførar Olav Bratland og leiar i likestillingsutvalet, Reidun Klock Tjervåg, som deler ut Likestillingsprisen på fylkestinget 10 oktober. Prisen består av eit kunstverk og ein sjekk på 15000 kroner.

Kontakt:

Likestillingsutvalet, leiar: Reidun klock Tjervåg, tlf: 92606737
Olaug Andreassen, Herøyløftet,  tlf: 91542862