Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > God helse – partnarskap i alle kommunar

God helse – partnarskap i alle kommunar

Med Stranda kommune si partnarskapssignering sist veke, er no alle dei 36 kommunane i Møre og Romsdal med i God helse-partnarskapet. – Vi er veldig glade for at vi no har alle kommunane i fylket med i partnarskapet. Gjennom avtalane pliktar kommunane seg til eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid av høg kvalitet. Det gjer at vi ligg langt framme og er kanskje best i landet på dette arbeidet, seier Svein Neerland, seksjonsleiar for folkehelse og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Vi i Møre og Romsdal fylkeskommune har arbeida målretta og systematisk med å bygge opp partnarskapet i 10 år, og med alle kommunane med på laget, ser vi at langsiktig arbeid nyttar, seier Neerland vidare. Han er tilfreds med at stadig fleire kommunar og ikkje minst innbyggjarar ser verdien i å drive helseførebyggjande arbeid.

Pionerar på folkehelsearbeid

I samband med samhandlingsreforma i 2012 vart det vedteke ei eiga folkehelselov der kommunane vart pålagt nye oppgåver for å utvikle eit godt folkehelsearbeid. Møre og Romsdal har vore som pioner å rekne på dette området sidan det er arbeida aktivt med dette heilt sidan i 2003. Då vedtok fylkestinget at Møre og Romsdal skulle ta ei førarrolle for å bygge opp eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid. - God helse-partnarskapet har vore eit nybrottsarbeid både på kommune- og fylkesnivå, og det gjer at vi i Møre og Romsdal har stått godt rusta til å innfri krava i folkehelselova, fortel Neerland.

Tilskot frå fylkeskommunen

Gjennom God helse-partnarskapsavtalen får kommunar øyremerka tilskot frå fylkeskommunen for å tilsette koordinatorar som skal arbeide aktivt med folkehelse og helseførebygging. I tillegg får kommunane tilbod om oppfølging, kurs, erfaringsutveksling og midlar til tiltak. Med God helse-koordinatorar i alle kommunar i fylket er Neerland trygg på at det blir drive aktivt og godt folkehelsearbeid ute i kommunane.

Store samfunnsøkonomiske gevinstar

 -I samarbeid med kommunane har vi utvikla God helse-partnarskapet og sett opp seks viktige satsingsområde innan helseførebygging; psykisk helse, fysisk aktivitet, rusførebygging, tobakksførebygging, kosthald og førebygging av sosiale forskjellar i helse. -Dette er viktige område å ta tak i, og som gir store samfunnsøkonomiske gevinstar både på kort og lang sikt, avsluttar Neerland.