Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Fylkeskulturprisen 2012 til Ola Gjendem

Kontaktpersonar

Kristin Marie Sørheim Kristin Marie Sørheim
(Sp) leiar av Samferdselsutvalet
95 28 60 60
Send e-post

Fylkeskulturprisen 2012 til Ola Gjendem

Kultur- og folkehelseutvalet har tildelt fylkeskulturprisen 2012 til Ola GjendemfråMolde.

Ola Gjendem har gjort ein kulturinnsats utanom det vanlege. Han har lang fartstid som kulturarbeidar på mange felt, som litteratur,musikk, dans og historie. Han har arbeidd mykje med kultur for barn og ungdom.

Ola Gjendem er ein særs dyktig kulturformidlar.

Av den omfattande aktiviteten til Ola Gjendem, vil vi trekke fram utstillingane (30 i talet) på Molde bymuseum, byvandringar i Ålesund, Molde og Kristiansund og hans lokalhistoriske litterære produksjon. Han er ein ivrig samlar,formidlar og eit levande leksikon som lett skaper entusiasme for det han arbeider med.

Fylkeskulturprisen er ein diplom og kr 50.000,-. Prisen blir delt ut i samband med opning av Fylkestinget i Geiranger 10. desember. Prisen blir delt ut av fylkesordføraren og leiar av kultur- og folkehelseutvalet.