Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Fylkeskulturprisen 2011 til Nils Tore Leivdal

Fylkeskulturprisen 2011 til Nils Tore Leivdal

Kultur- og folkehelseutvalet har tildelt fylkeskulturprisen 2011 til Nils Tore Leivdal, Gjemnes.

Grunngjeving for pristildelinga kan sammenfattast i fire hovudområde der han har gjort eit omfattande og langvarig kulturarbeid.

Folkemusikken
Nils Tore Leivdal har vore med i folkemusikklag, skrive i folkemusikkblad og spela sjølv.  I 19 år har han arrangert nordmørshelga i Innerdalen. Han har vore aktiv utøvar som folkemusikar, folkedansar og organisasjonsmann.

Lokalhistorie
Nils Tore Leivdal  harr samla mykje lokalt stoff gjennom sitt arbeid med gards og ettesoger og ulike jubileumsskrift. Mellom anna har han skrive gard- og ettesoger for Smøla, Halsa og Gjemnes.
 
Restaurering av gamle bygg og anlegg
Nils Tore Leivdal har mellom anna teke vare på garden Furuli ved restaurering av gammal bygningsmasse.  Han har restaurert  Flåbergsetra i Batnfjord og halde ope setermuseum om somrane med arr. av kulturdagar.

Målarbeid
Alt han har skrive er skrive på nynorsk. Han starta med å vere styremedlem i Voss off. Gymnas sitt mållag og var formann av Volda elevmållag.  Han har sidan vore akitiv i målrørsla.

Fylkeskulturprisen er ein diplom og kr 50.000,-. Prisen blir delt ut i samband med opning av Fylkestinget i Geiranger 12. desember. Prisen blir delt ut av fylkesordføraren og leiar av kultur- og folkehelseutvalet.

Kontaktpersonar: 
Leiar av kultur- og folkehelseutvalet: Kristin Sørheim, tlf 95286060  Fylkeskultursjef: Arvid Blindheim, tlf 91328056.