Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Fylkeskulturkonferansen 2011

Kontaktpersonar

Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 / Mob. 482 62 671
Send e-post

Fylkeskulturkonferansen 2011 : “Heilskapleg stadsutvikling - kultur i sentrum”.

Vi inviterer til fylkeskulturkonferanse 13.- 14.oktober i Molde. Årets konferanse har vi kalla “Heilskapleg stadsutvikling - kultur i sentrum”.  Målgruppa for konferansen er politisk leiing i kommunane, rådmenn, planleggarar, kulturarbeidarar, kulturinstitusjonar, frivillig sektor, biblioteka, utviklingsselskap og næringsliv.

Foto av slagverksensemblet SISU.

Konferansen vil synleggjere moglegheiter, vegval, møteplassar og kompetanse for utvikling av kulturfeltet både lokalt og regionalt. 

Kultur er ein viktig faktor, både i seg sjølv, og som ein faktor som spelar inn på bolyst, etablering og næringsutvikling.

Konferansen går av stabelen på Quality Hotel Alexandra i Molde. Programmet ligg som pdf nedanfor:

Påmeldinga er no stengt. Vi ønskjer dei 100 påmeldte velkomne!