Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Film på museum, kulturhus og bibliotek - KJØL-konferansen

Kontaktpersonar

Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 / Mob. 482 62 671
Send e-post

Film på museum, kulturhus og bibliotek - KJØL-konferansen

Det er ei glede å ønskje velkomen til KJØL-konferansen i Bergen 08.-09. mars!

KJØL-konferansen

 Museum, kulturhus og bibliotek brukar film i si formidling og har eit kontinuerleg behov for fornying av sitt formidlingstilbod. Samstundes sitt filmskaparar på kompetanse til å kunne lage produksjonar som i særleg grad egnar seg i slik formidling.
 

For første gong skal vi bringe saman filmbransjen, museum, bibliotek, kulturhus, kommunar og fylkeskommunar fra Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Vi skal sjå film, lære om erfaringar ved bruk av levande bilete i museum, sjå døme på audiovisuelle løysingar i formidling og få innspel utanfrå!
 

Målet er kompetanseheving hjå formidlarar (museum, kultursenter, bibliotek) i bruk av levande bilete, og auka kjennskap til desse institusjonane for filmmiljøet. Kva treng desse institusjonane og kva kan dykk som filmskaparar tilby?
 

KJØL er både ein konferanse, og ein invitasjon til samarbeidsprosjekt mellom desse kulturinstitusjonane og filmbransjen.
 KJØL handler ikkje om tradisjonelle fjernsynsdokumentarar eller informasjonsfilm, men om alternative lengder og format, og ikkje minst om kunstnarlege og nyskapende måter å fortelje om vår historie og vår nære verkelegheit på. KJØL handler om moglegheitene som ligg i å bruke museum, bibliotek og kulturinstitusjonar som alternative visningsarenaar for den frie kunstnarlege filmen.
 

Vi har knytt prosjektet opp mot temaet kystkultur. Difor har vi kalla prosjektet KJØL.
Det har retning, det går framover, og i kjølvatnet ligg nye moglegheiter for spanande samarbeidsprosjekt.

Du finn informasjon om program, påmelding og anna på nettsida:
www.kjølprosjektet.no

Konferansen er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune, Vestnorsk filmsenter, representantar frå museum i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland, arkiv og filmbransjen