Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Fem kunstnarar tildelt kunstnarstipend for 2012

Fem kunstnarar tildelt kunstnarstipend for 2012

Kultur- og folkehelseutvalet vedtok i går å tildele kunstnarstipend til fem kunstnarar som bur og verker i Møre og Romsdal.  Dei fem kunstnarane som er tildelt stipend for 2012 er: Are Pilskog, Ine Harrang, Magnhild Opdøl, Martin Due og Simon Wågsholm.

Magnhild Haftorn Opdøl var ein av dei fem kunstnarane som fekk tildelt kunstnarstipend 2012

Det er femte året på rad at kultur- og folkehelseutvalet lyser ut kunstnarstipend, og årets ramme er på kr. 300.000,-. Då søknadsfristen gjekk ut i midten av september hadde det meldt seg 28 søkjarar. 18 av desse var søkjarar innan visuell kunst, 4 innan musikk, 3 innan scenekunst, 2 innan litteratur og 1 innan film.

Søknadane er vurdert med bakgrunn i statuttane for ordninga. Det er lagt særleg vekt på at søkjarane har klare mål for prosjekta dei skal arbeide med i stipendperioden og at prosjekta er av høg kunstnarleg kvalitet. I tildelinga er det også lagt vekt på at prosjekta er nyskapande og utviklande, både for kunstnarane sjølv og for det kunstfaglege miljøet i fylket.

Følgjande søkjarar er tildelt stipend i kultur og folkehelseutvalet den 12.11.2011:

  • Are Pilskog, Gurskøy - film: kr 100 000
  • Ine Harrang, Molde - glass/installasjon: kr 70 000
  • Magnhild Opdøl, Ålvundeid - visuell kunst: kr 70 000
  • Martin Due, Molde - grafikk: kr 30 000
  • Simon Wågsholm, Skodje – maleri og installasjon: kr 30 000
Are Pilskog, Gruskøy

Are Pilskog, Gruskøy

Simon Wågsholm - Skodje

Simon Wågsholm - Skodje

Ine Harrang, Molde

Ine Harrang, Molde