Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Felles løft for kulturnæringane

Kontaktpersonar

Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 / Mob. 482 62 671
Send e-post
Angela Hagen Angela Hagen
stabsleiar
71 28 02 17 /
Mob. 975 49 215
Send e-post

Felles løft for kulturnæringane

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer no for alvor å løfte fram kulturnæringane i fylket. Regional- og næringssjef Bergljot Landstad og fylkeskultursjef Arvid Blindheim slår seg saman om eit program som skal opp til politisk behandling utpå våren 2013. Innovasjon Norge er også med på laget.

Fylkeskultursjef Arvid Blindheim og Regional- og næringssjef Bergljot Landstad går saman om å få fart på kulturnæringa i fylket. Foto: Espen A. Istad / Tibe Reklamebyrå.

Bakgrunnen for satsinga er at fleire, både politikarar og andre, har peika på potensialet i kulturnæringane, både som eigen næring, men og som katalysator, motor og inspirator i regionale utviklingsprosessar. Det handlar også om større breidde i arbeidsmarknaden.

- Vi ønskjer å sjå nærare på grenselandet kultur og næring i fylket vårt, kvar verdiskapingspotensialet ligg og korleis vi kan bidra til eit løft, seier Blindheim.

Kulturnæringane – kven er dei?

Norsk kulturnæring er smalare definert enn i våre europeiske naboland. Internasjonalt blir omgrepet “creative industries” nytta. I Noreg har det vore gjennomført tre nasjonale kartleggingar, og her har ein vald å bruke omgrepet “kulturnæring”. Svært forenkla kan vi seie at kommunikasjon er ein fellesnemnar i verdikjeda. Produkta sin primære eigenskap er kommunikasjonen, det vil seie at produkta har ein bodskap.

modell

Bransjane som inngår i den nasjonale definisjonen av kulturnæringane er:

  • trykte medier
  • kulturarv
  • annonse og reklame
  • arkitektur
  • musikk
  • kunstnarleg verksemd
  • film, foto og spel
  • design
  • tv/radio

- Det som vil vere interessant for oss her i Møre og Romsdal, er å sjå på kva område vi lukkast på i dag, kvar er dei sterke miljøa og marknadspotensialet, og korleis vi kan bidra til å utvikle dette vidare, seier Landstad.

Kva skal skje framover

Det er no oppretta ei arbeidsgruppe som arbeider med forslag til konkrete mål og tiltak for kulturnæringssatsinga. Desse er i arbeidsgruppa:

  • Carina Stokke (kulturavdelinga)
  • Angela Hagen (regional- og næringsavdelinga)
  • Alfred Øverland (Innovasjon Norge)

- Vi skal i dialog med så mange som muleg i dei ulike målgruppene, og saman finne gode tiltak som vi skal sette i verk frå hausten 2013, seier prosjektleiar Carina Stokke.

Menon Business Economics har på oppdrag frå kulturavdelinga utarbeida ein rapport om kulturnæringa i Møre og Romsdal (sjå eigen sak).