Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Felles Opplevelseskort - dagskonferanse 23.11

Felles Opplevelseskort - dagskonferanse 23.11

23.november vil eit felles opplevelseskort for fylket bli presentert. Ålesund, Kristiansund og Molde har innført opplevelseskort i sine kommunar med svært gode erfaringar. Ei arbeidsgruppe har utvikla forslag til eit felles kort for Møre og Romsdal.  Påmeldingsfrist er 10.november.

Opplevelseskortet er eit kort som skal gi born i familiar med låg inntekt anledning til å ta del i aktivitetar saman med andre born i lokalsamfunnet. Kortet gir tilgang til ei rekkje aktivitetar saman med ein venn, eit familiemedlem eller andre. Kortet er personleg og er gyldig i eitt år.

All påmelding skjer elektronisk.  Lenke til meir informasjon, påmeldingsskjema og pris for konferansen ligg her: https://mrfylke.no/Kalender/(event)/386752