Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Erfaringskonferanse for God Helse

Dokument

Erfaringskonferanse for God Helse partnarskapet

God Helse-partnarskapet inviterer til erfaringskonferanse 9.-10.november i Molde. Kva har skjedd og kva har vi lært av 8 års folkehelsearbeid?

Målsettinga med konferansen er at erfaringane frå åtte år med folkehelsearbeid skal gi kompetanse til eit godt folkehelsearbeid i Møre og Romsdal i framtida.

Utviklinga av God Helse-partnarskapet har vore eit nybrottsarbeid både på kommune- og fylkesnivå, og på konferansen får vi presentert korleis arbeidet har utvikla seg desse åra.  I dag er 32 av kommunane i fylket med i partnarskapet. 

I framtida vil kommunane få eit større heilskapleg ansvar for innbyggarane si helse, så smarte kommunar bør prioritere folkehelse som eit langsiktig satsingsområde.

Målgruppa for konferansen er alle som arbeider med folkehelsefaktorar i offentleg, privat og frivillig sektor.

Påmelding skjer elektronisk på Fylkesmannen sine nettsider. Lenke til påmeldingsskjema som opnar seg i nytt vindu ligg her.

Påmeldingsfrist er 10.oktober, og påmeldinga er bindande.

Arrangør:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Kompetansesenter rus – Midt-Norge
Møre og Romsdal Idrettskrets