Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Den Trondhjemske postveg skal bli vandre- og sykkelrute

Den Trondhjemske postveg skal bli vandre- og sykkelrute

Møre og Romsdal Fylkeskommune, Statens Vegvesen og dei to interkommunale friluftsråda i fylket arrangerer dagsamling med fokus på den Trondhjemske postveg, tirsdag 10. mai på Ørskogfjellet. 

Målet med dagsamlinga er å starte opp arbeidet med ein strategi for gjennomgåande vandre- og sykkelrute langs den Trondhjemske postveg i fylket. Den Trondhjemske postveg vart laga av lokale bønder frå 1790 åra til ut på 1800-talet, og var vegsamband mellom Bergen og Trondheim med vekefast postsamband, og går igjennom ni kommunar i Møre og Romsdal.

 - Målgruppa for samlinga er kommunar, historielag/sogelag/rotaryklubbar, turlag, reiseliv og museum i Møre og Romsdal som den Trondhjemske postveg går igjennom, seier rådgivar Vegard Bellingmo ved kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kulturavdelinga har som hovudoppgåve innan friluftsliv å stimulere innbyggjarar til å drive miljøvennlig friluftsaktivitet, og som eit av tiltaka er prosjektet “Friluftsliv i Møre og Romsdal til 2012” starta opp.  Denne hovudsatsinga er delt inn i fire arbeidspakkar, der ein av pakkane har fokus på gjennomgåande ferdselsårar-helseløyper-rundløyper i nærmiljøet.

-I denne arbeidspakka er ferdselsårar som postvegen og kystleia viktige både i historisk samanheng, og for å kunne løfte friluftslivet ytterligare. Vi ønskjer derfor å legge til rette for gjennomgåande vandre- og sykkelrute for nokre av desse, slikt at dei kan brukast både lokalt og for turistar, seier Bellingmo vidare.

Oppstartssamlinga er lagt opp med eit spennande og variert program der ein ønskjer å skape engasjement og begeistring rundt postvegen i Møre og Romsdal.  - Denne samlinga vil også vere viktig for diskusjonar og innspel. Kva utfordringar og muligheiter vi har og korleis vi best muleg skal arbeide vidare for at den Trondhjemske postveg skal bli ei attraktiv gjennomgåande vandre- og sykkelrute i Møre og Romsdal, avsluttar Bellingmo.

Program for samlinga finn de her: