Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Bokbåten på vintertur

Etter snart 50 år med bøker og kulturprogram langs kysten vår er Bokbåten Epos stadig like populær, og no er det klart for nytt vintertokt.  Lasta med bøker, lydbøker og kulturprogram skal båten leggje til kai nesten 70 stadar i Møre og Romsdal frå 25. januar til 17. februar.

Klart for vintertur med Bokbåten.

Det flytande biblioteket er som vanleg fylt med bøker for alle aldersgrupper, og om bord vil publikum få hjelp til å velje bøker, og skolar og barnehagar kan også bestille bokkasser som kan hentast når båten kjem.

Bokbåten er også eit flytande kulturtilbod med familieprogram, og på denne vinterturen får publikum m.a. oppleve dette:

Forfattarbesøk med Christin Grilstad Prøis    Frå 25. januar til 1. februar

Gjennom førestillinga blir ein gjennom forteljing, song og musikk kjent med Heksagon og hennar beste og einaste venn, klovnen Boboz. Christin skriv barnebøker, høyrespel, dramatikk og serieromanar, og ho spelar ofte sjølv figurane i bøkene sine. Og kven veit;kanskje dukkar sjølvaste Heksagon opp på Bokbåten?

«I Regnbuens Farger» med Klovnen Knut  Frå 2. februar til 17. februar   

Klovnen Knut har gjennom åra gitt mange barn i fylket vårt gode opplevingar på Bokbåten, og det er gledeleg å få han med igjen på denne turen. Stykket han har med i år; "I Regnbuens Farger", er fylt av humor, tryll, musikalske sprell og pussige eksperiment. Kvar kjem fargane frå? Korleis får ting farge? Klovnen Knut er utdanna førskolelærar, men jobbar heiltid som klovn/gjøglar og 'tullekunstnar'.

Bokbåten i Hundeidvik

 

Møre og Romsdal fylkesbibliotek ønskjer vel møtt om bord i Bokbåten!

Kontaktperson: Katrine Solberg, Tlf.: 70 16 22 76  
e-post: katrine.solberg@mr.fylkesbibl.no

NB: Når bokbåt-turneen startar, kan de nå oss om bord på tlf: 97054576