Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > Arbeidsplasskonsert med Møremusikarane

Arbeidsplasskonsert med Møremusikarane

Frå hausten 2012 startar vi opp ein konsertserie der Møremusikarane spelar på arbeidsplassar etter ønskje frå bedrifta eller organisasjonen.

Konserten kan spelast overalt på arbeidsplassen der folk samlast - i verkstedshallen, i kantina, store møterom, i kontorlandskap eller auditorium.

Øystein Sandbukt er ein av musikarane i Fjord og Fjell.

Foto: Magnus Skrede

Gruppa «Fjord og Fjell», som er ein del av Møremusikarane,  spelar musikk som er inspirert av folkemusikk frå Møre og Romsdal, og dei har sjølv arrangert og komponert all musikken.

Publikum møter fire erfarne musikarar som formidler tradisjonane våre på ein fengande og tidsriktig måte.

Dersom de ønskjer å gje medarbeidarane ein uforglemmeleg lunsjpause, ein ekstra pustepause fredag etter lunsj eller å sette ein ekstra spiss på ei feiring eller markering, så er Fjord og Fjell eit godt valg!

Mange bedrifter satsar ekstra på å vere ein arbeidsplass som prioriterer godt arbeidsmiljø, og konsert på arbeidsplassen kan vere eit kvalitetsbidrag i dette arbeidet!

For kontaktinformasjon, pris og praktisk gjennomføring sjå PDF i høgre marg.

Audun Skorgen

Foto: Magnus Skrede

Peter Wergeni

Foto: Magnus Skrede

Jo Inge Nes

Foto: Magnus Skrede