Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 / Mob. 482 62 671
Send e-post

Årsrapport for kulturavdelinga 2012

Fylkestinget vedtok i desember 2008 ny fylkesplan for Møre og Romsdal 2009 - 2012. I denne planen vart kultur vedteke som satsingsområde saman med kompetanse og verdiskaping.

Fylkestinget auka samstundes rammene til kultur for å sikre at planvedtaket skulle ha ressursar til å omsette plan til handling. Derfor gjennomførte Møre og Romsdal fylkeskommune ei rad samarbeidsmøte med frivillige organisasjonar, kulturinstitusjonar og kommunar for å mobilisere til ein brei dugnad om kulturarbeid. Engasjementet var høgt og energien stor. Det vart utvikla eit handlingsprogram for 2009 tufta på samarbeid og gjennomført som ein brei dugnad. Handlingsprogrammet har vorte årleg evaluert og rullert i heile 4 - årsperioden.

Årsrapport 2012 for kulturavdelinga viser eit breidt utvalg av satsingar og tiltak som er gjennomført i regi av kulturavdelinga i 2012, og vi kan konstantere at etter det fjerde og siste året i planperioden er handlingsprogrammet langt på veg er gjennomført.

Nøkkelen har vore brei mobilisering, konkrete mål, mange har hatt “eigarforhold” til det ein var samd om å gjennomføre og ein har gjennomført ein dugnad med mange aktørar ved gjennomføring av tiltak.

Vi er stolte av å presentere årsrapporten for 2012!

Rapporten finn du her:
http://epub.ekh.no/m/mrfylke/41184/#/1/