Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kontaktpersonar

Petter Jenset Petter Jenset
Rådgivar friluftsliv
71 28 03 05 /
Mob. 922 34 244
Send e-post

700 turar rett i lomma

Møre og Romsdal fylkeskommune lanserer no eit nytt hjelpemiddel for turglade folk i Møre og Romsdal. Ein ny mobilapplikasjon (app) for smarttelefonar skal gjere det lettare for folk å finne fram til flotte turopplevingar i fylket vårt.

Morotur-app

Ved å laste ned appen, vil folk gjere om sin smarttelefon til ein spesialtilpassa GPS for turar i Møre og Romsdal. Her vil ein få tilgang til kart, turskildringar, informasjon om parkeringsmoglegheiter, gps spor med meir for ei rekkje flotte turar. Denne tenesta er gratis og fri til nedlasting. 

Fylkeskommunen har i flere år samla inn turinformasjon, bilder og GPS-spor frå turar i Møre og Romsdal. Dette vert no gjort tilgjengeleg for folk i en mobil-app. Turane til den poppulære turkassetrimmen for Nordmøre og Romsdal, StikkUT! er også integrert i appen. No slepp du å registrere koden når du kjem heim frå tur. Ved hjelp av GPS-teknologi vil applikasjonen gjere det heile for deg når du står ved turmålet.

- Som eit ledd i folkehelsearbeidet har vi eit mål om ei meir aktiv befolkning i Møre og Romsdal. Tilrettelegging for friluftsliv er noko av det folk i vårt fylke spør etter. Vi ser også at slik tilrettelegging gir mykje fysisk aktivitet for pengane og når store deler av befolkninga i fylket vårt, seier Petter Jenset ved seksjon folkehelse og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal fylkeskommune. Applikasjonen Morotur er tilgjengeleg både for iPhone og Android og kan lastast ned frå AppStore og Google play.