Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > 47 millionar i tilskott til idrettsanlegg i fylket

47 millionar i tilskott til idrettsanlegg i fylket

Tildeling av spelemidlar for 2012 vart handsama i Kultur- og folkehelseutvalet tirsdag 04.06.2013. Med i overkant av 47 millionar til utbygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet og nærmiljøanlegg, har Møre og Romsdal fått tildelt den 6. høgste tilskotsramma blant fylkeskommunane i landet.

Illustrasjonsbilete: scanstockphoto.com

Møre og Romsdal fylkeskommune deler kvar år ut spelemidlar på vegne av Kulturdepartementet til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Ved tildeling av spelemidlar i 2013 fekk Møre og Romsdal i overkant av 42 millionar til ordinære anlegg og i overkant av 4 millionar til nærmiljøanlegg.

- Grunnen til den gode uttellinga på midlane er det unike samarbeidet fylkeskommunen har med Møre og Romsdal Idrettskrets, kommunane og det frivillig, seier fylkeskultursjef Arvid Blindheim.
Ved søknadsfristens utløp var det kome inn 233 søknader på Spelemidlar for 2013, der 67 søkte om nærmiljøanlegg og 166 søkte om ordinære anlegg. Etter gjennomgang av søkandane har fylkeskommunen hatt ein brei prosess med både kommunar og Møre og Romsdal Idrettskrets, der vi så langt som mogleg har teke omsyn til deira prioriteringar.

- Møre og Romsda fylkeskommune har og ei satsing på friluftlivsanlegg, og har politisk vedtak om at 12% av spelemidlane skal gå til denne type anlegg. Tildelinga har aldri vore oppe i denne prosentsatsen, men i år har vi nådd dette målet, seier Blindheim vidare.

Fylkeskultursjefen har etter handsaming av søknadane innstilt på at 76 av søkjarane skal få tilskott. Oversikt over kva anlegg som er foreslått tildelt midlar av Kultur- og folkehelseutvalet finn de i saksframlegg KF-26/13 som vart vedteket uten endringer på tysdag.

Saksframlegg:
http://einnsyn.mrfylke.no/motedag/index/1672