Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > 2 mill. til helseløyper i Møre og Romsdal

Dokument

Møteinnkalling KF 06.02.2013
PDF-dokument - 20,15 MB

2 mill. til helseløyper i Møre og Romsdal

Fylkeskultursjef Arvid Blindheim rår til at 12 kommuner i Møre og Romsdal får støtte på til saman om lag 2 mill. kroner til å byggje helseløyper.

Dette kjem fram i saksframlegget til neste møte i kultur- og folkehelseutvalet 6. februar.

- Eg er glad for at fylkeskommune kan spele ei rolle for å betre folkehelsa rundt om i fylket, og eg er glad for at engasjementet rundt dette prosjektet har vore så stort rundt om i kommunane, seier fylkeskultursjef Arvid Blindheim.

Heile 22 søknader frå 15 kommunar kom inn i samband med utlysinga. Etablering av helseløyper i kommunane har som formål å leggje til rette for fysisk aktivitet for grupper med størst helserisiko, både fysisk og psykisk. I gjeldande fylkesplan er det eit mål om å byggje opp minimum ei helseløype i kvar kommune i Møre og Romsdal.

Desse kommunane får støtte:
  • Vestnes
  • Ørskog
  • Aukra
  • Fræna
  • Gjemnes
  • Norddal
  • Nesset
  • Sunndal
  • Ålesund
  • Midsund
  • Molde
  • Rauma

Meir detaljert info finn du i sak KF 7-13 i saksframlegget.