Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > 100 samla på fylkeskulturkonferanse

Kontaktpersonar

Carina Stokke
Rådgivar
71 28 02 92 / Mob. 482 62 671
Send e-post

100 samla på fylkeskulturkonferanse

Med tema “Heilskapleg stadsutvikling – kultur i sentrum” var 100 deltakarar frå Møre og Romsdal samla på fylkeskulturkonferanse i Molde sist veke. Konferansen gikk over to dagar, hadde fokus på kultur som verkemiddel for bulyst og ulike kulturelle verkty for samfunnsutvikling.

Ass. fylkesplansjef Heidi-Iren Wedlog Olsen innleia konferansen med å vise regionale utviklingstrekk i fylket, med særleg vekt på trekk ved seinare års folketalsutvikling. Ho utfordra deltakarane til å tenke tverrfagleg og til å sjå menneske, næring og trivsel i samanheng, og ut i frå det utvikle kulturtilboda i kommunane.  Styreleiar i Røde kors, Bitten Linge følgde opp med og gje ei personleg beretning av kva betyding engasjement i frivillig sektor og kulturliv har å seie for trivsel og ønskje om å bu og verke ein stad.  

Omforeint planlegging

Rådmann Tor Arne Gangsø, viste korleis den nasjonalt anerkjende kommunen Vågå, har nytta dei mulegheitene kultur gir i forhold til ei heilskapleg utviklinga av kommunen. Han inspirerte og engasjerte deltakarane til å sjå dei muligheitene ei omforeint og samanhengande planlegging i kommunen skaper. Vågå er ei av dei kommunene som har lykkast med dette, og synlege teikn er mellom anna stadsutviklinga kommunen har opplevd dei seinare åra. Han hevdar at kultur har vore nøkkelen i dette arbeidet.

Kultur i kommunen

Bibliotek som lågterskel kulturtilbod og naturleg møteplass i lokalsamfunnet, bevisstgjering om betydinga av kulturminner, utvikling av kulturaktive elevar både i skulen og på fritid, og kultur som viktig innsatsfaktor i høve til folkehelse og samhandlingsreform, var tema på dag to. Etter kvart tema vart det gjennomført rundeborddialogar, kor deltakarane viste stort engasjement og kom med gode innspel til vegen vidare.

Kulturminner som kraft i stadsutvikling

Konferansen vart avslutta med ei oppsummering av den nye leiaren for kultur- og folkehelseutvalet, Kristin Sørheim. Ho sette fokus på den utstrakte verksemda til kulturavdelinga, betydinga av kulturminner som kraft i stadsutvikling og mobilisering av kommunane for jobbing mot felles mål, med behov for politiske og administrative leiarar som ambassadørar for kultur.

 

Bilete: Engasjerte deltakarar på fylkeskulturkonferansen 2011

 

Bilete: Ivrige diskusjonar i gruppene på Fylkeskulturkonferansen 2011

Foredraga frå konferansen kan du lese her: