Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Tenesteområde > Kultur > Nyheiter > 1,4 millionar til skilting og merking av turløyper

Kontaktpersonar

Petter Jenset Petter Jenset
Rådgivar friluftsliv
71 28 03 05 /
Mob. 922 34 244
Send e-post

Dokument

1,4 millionar til skilting og merking av turløyper

Møre og Romsdal fylkeskommune har i samarbeid med Gjensidigestiftinga tildelt nærare 1,4 millionar kroner i støtte til skilting og merking av turløyper i fylket. Av 14 søknadar har 12 nye prosjekt fått støtte.

Illustrasjonsbilete: scanstockphoto

Arbeidet med å få implementert ein felles skiltmal for turløyper på Vestlandet vidareførast også i år. Det har dei siste to åra vore fordelt kr 3 millionar til kommunar, lag og organisasjonar som ønskjer å gjere turløypene i Møre og Romsdal endå meir tilgjengelege. Stønadsordninga er organisert som eit spleiselag mellom dei fire vestlandsfylka og Gjensidigestiftelsen. I tillegg har fleire kommunar gått inn med midlar i dei lokale prosjekta.

- Pengane bli brukt til ei storstilt satsing på merking og gradering av turløyper.  For Møre og Romsdal sin del vil det seie nærare kr 4,5 millionar over tre år berre til å skilte og merke turstiart, seier rådgjevar for friluftsliv, Petter Jenset, ved Møre og Romsdal fylkeskommune.

I tillegg kjem den store verdien som er lagt ned i form av dugnad og frivillig arbeid i dei ulike skiltprosjekta. Det at fleire går på tur oftare enn før, er eit av dei enklaste og viktigaste tiltaka for betre helse. Både fylkeskommunane på Vestlandet og Gjensidigestiftelsen har difor støtta prosjekt som har som mål å bidra til merking av turløyper nær der folk bur. Det skal bli stadig enklare å finne seg ei løype anten du går til fots, syklar, går på ski eller padlar. No i vår er det innvilga søknader til mange lokale tiltak. Det er i hovudsak lag og organisasjonar som jobbar dugnad med å gjennomføre arbeidet med turløypene.

- I Møre og Romsdal har vi for 2013 fordelt kr 1.380.000. Det dreier seg om merking av fleire hundre turar i vårt fylke. Når ein tenkjer på at dei lokale prosjekta skal ha minimum 50% i eigenfinansiering i form av eigne midlar eller dugnad, vert omfanget stort seier Petter Jenset.

Sjå vedlagt liste over kven som har fått støtte:

Tildeling skilting merking 2013 offentlig