Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nyheiter

Kulturtorget er den viktigaste møte- og visningsarena for Kultursekken i Møre og Romsdal (Den kulturelle skolesekken).

Over to innhaldsrike dagar får torgdeltakarane kulturopplevingar innan musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film og visuell kunst som er aktuelle for turné i Kultursekken skuleåret 2018-2019. I tillegg blir det gjennomført nettverksmøte for kommunekontakter og kulturkontakter.

Meld deg på innan 15.desember 2017.

Ofte stilte spørsmål:

Opning av Kulturtorget onsdag 24.januar:

Stad: Bjørnsonhuset/ Scandic Seilet
Registrering frå kl 10:00
Opningsforestilling ca kl 10:45 (kan bli endra)
Parkering:

Bruk parkeringstunellen i Molde sentrum, det er særs få parkeringsplassar ved Scandic Seilet.
Klikk her for å opne kart til Molde Parkeringshus (ved Molde Domkirke)
Påmelding er bindande, og faktura for deltakaravgift blir sendt ved avbud.

Morgonfugl-pris (Earlybird) til og med 06.oktober, gjeld deltakaravgifta

Deltakaravgift for nettverket i Møre og Romsdal: 1000,-
Deltakaravgift for nettverket utanfor Møre og Romsdal: 2000,-
Prisar (med forbehold om evt. endringar):

Deltakaravgift for nettverket i Møre og Romsdal: 1500,-
Deltakaravgift for nettverket utanfor Møre og Romsdal: 2500,-
Enkeltrom: 23.-24.januar (kun frokost): 960,-
Dobbeltrom: 23.-24.januar (kun frokost): 1160,- pr.pers.
Enkeltrom: 24.-25.januar (inkl. alle måltid): 2020,-
Dobbeltrom: 24.-25.januar (inkl. alle måltid): 1650,- pr.pers.
Middag 24.januar for dei utan overnatting: 395,-
Dagpakke for dei utan hotellovernatting 24.januar: 480,-
Dagpakke for dei utan hotellovernatting 25.januar: 430,-
Kulturavdelinga dekkjer utgiftene for dei vidaregåande skulane.


Har du gjort eit arkeologisk funn? Ring fylkeskommunen!

- Loven er krystallklar. Har du funne noko som kan vere eit kulturminne, må du snarast kontakte oss, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad i Møre og Romsdal fylkeskommune. Med høgsesong for metallsøk og fleire lovbrot dei siste åra, ønsker han å minne om retningslinjene for privat metallsøking.

Les meir

Over 1000 år gammalt tøystykke funne i myr på Holm i Rauma

Dersom tøystykket er så gammalt som arkeologane trur, er det eit sjeldan funn. Frå før finst det bare ei handfull i Noreg.

Les meir

Trenarar, leiarar og foreldra har viktige roller for ungdommane

Ungdomane verdsett trenarar og leiarar med gode samhandlingsferdigheter og foreldra sitt engasjement i aktivitetane dei driv på med. Dette kjem fram av ei ny undersøking om deltaking i fritidsaktivitetar blant ungdom.

Les meir

Erfaringshefte om Nærmiljøprosjektet i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har saman med seks kommunar og Høgskulen i Volda delteke i det tre-årige «kartleggings og utviklingsarbeidet om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse», kjend som Nærmiljøprosjektet. No har vi laga eit eige erfaringshefte om prosjektet i fylket.

Les meir

Skal registrere tilstanden til Den Trondhjemske postveg

No tek fylkeskommunen fatt på å vurdere tilstanden til Den Trondhjemske postveg. Vegen strekk seg stykkevis og delt gjennom åtte kommunar frå Stranda i sør til Gjemnes i nord. Vegen var den første hovudvegen mellom Bergen og Trondheim, og er det lengste kulturminnet i fylket.

Les meir

Kompetanseløft for bibliotekleiarar

Møre og Romsdal fylkeskommune er i gong med eit leiarutviklingsprogram for 17 bibliotekleiarar i fylket. Programmet inneheld strategisk leiing, men også dagleg leiing, leiing av utviklingsarbeid og leiing i samarbeidsrelasjonar.  

Les meir

Desse kunstnarane fekk stipend

Siri Skjerve, Astrid Overaa, Heidi Rødstøl, Lena Nymark, Trygve Nielsen, Charlotte Kirkebø Riise og Raymond Cerrado Knutsen fekk tildelt kunstnarstipend for 2019 i dag. Totalt delte fylkespolitikarane ut 800 000 kr.

Les meir

Dei fire hovudutvala har møte neste veke

I veke 24 er det møte i regional- og næringsutvalet, samferdselsutvalet, kultur- og folkehelseutvalet og i utdanningsutvalet.

Les meir

Foreslår ny UKM-modell: Vil utvikle kunst- og kulturtilbod for barn og unge

Fylkesfestivalen i UKM skal bytast ut med fleire mindre festivalar,  juryen erstattast med mentorar og samarbeidet med det profesjonelle og frivillige kunst- og kulturlivet skal styrkast. Onsdag 12. juni skal fylkespolitikarane seie ja eller nei til forslaget.

Les meir

Lesekampanjen Sommarles.no er i gang

Laurdag 1. juni starta den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Saman med barn frå over 380 andre kommunar, kan alle barn i 1. – 7. klasse i Møre og Romsdal vere med på Noregs kulaste lesekampanje! 

Les meir

Kontaktpersonar

Dagfinn Grønvik
IT-rådgivar
71 25 87 03
Send e-post